Tilskot til dei sosiale tenestene i Nav-kontora for å handtere konsekvensar av Covid-19

Søknadsfrist:
1. september 2020 23:50
Målgruppe:
Nav-kontora
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunane

Arbeids- og velferdsdirektoratet har stilt 4 761 590 kroner til rådvelde for tilskot til tiltak ved Nav-kontora i Vestland i samband med Korona-pandemien/Covid-19-sjukdomen. Det er Fylkesmannen som tildeler midlar.

Publisert 21.07.2020

Tilskotet skal støtte omstilling og nye arbeidsmåtar for å handtere eit forventa auka behov for tenester etter sosialtenestelova, som følgje av Korona-pandemien/Covid-19-sjukdomen. Kommunane kan søkje om tilskot til kompetanse- og utviklingstiltak og til ekstra personellressursar.

Direktoratet har sett 1. september 2020 som siste frist for å søkje. I samsvar med reglane for tilskotsordninga vil vi likevel behandle søknadar før 1. september.

Nav-leiar og rådmann/kommunens administrative leiing må signere søknaden.

Søknadar kan sendast til Fylkesmannen i Vestland på organisasjonsnummer: 974760665, eventuelt per e-post til fmvlpost@fylkesmannen.no eller per brevpost til:

Fylkesmannen i Vestland
Njøsavegen 2
6863 Leikanger


Klikk her for å finne søknadsskjema og meir informasjon om tilskotsordninga.

Søknadsfrist:
1. september 2020 23:50
Målgruppe:
Nav-kontora
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunane