Tilskot til aktivitetstiltak for å motverke einsemd
- Søknadsfrist:
- 10. september 2020 23:59
- Målgruppe:
- Eldre og seniorar som bur i eigen heim eller omsorgsbustad
- Ansvarlig:
- Fylkesmannen i Vestland
- Hvem kan søke:
- Kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap, frivillige og ideelle organisasjonar (irekna stiftelsar)
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2022 23:59
Fylkesmannen i Vestland har fått kr 19 296 900 til fordeling til tiltak som raskt legg til rette for meir aktivitet hjå eldre og seniorar som bur i eigen heim eller omsorgsbustad. Søknadsfristen er utsett til 10. september.
Føremålet er å motverke einsemd og passivitet og å skape aktivitet, deltaking, sosialt fellesskap og møteplassar.
Prosjekt og tiltak som kan få tilskot må vere innanfor mål og målgruppe, vere helsefremjande og førebyggjande lågterskeltilbod, som er opne for alle i målgruppa.
Kven kan få tilskot?
- Kommunane
- Fylkeskommunen
- Interkommunale selskap
- Frivillige og ideelle organisasjonar/stiftingar
De kan òg søkje i samarbeid med private tenestetilbydarar. Dersom fleire skal samarbeide, er det ein som skal søkje på vegner av samarbeidspartnarane. For stiftingar og organisasjonar skal det gå fram av vedtekter eller grunnlagsdokument at verksemda ivareteke eit ideelt, ikkje-kommersielt føremål.
Søknaden
Søknaden skal vere poengtert og rimeleg kortfatta. Følgjande opplysningar skal gå fram:
- Mål med tilskotet
- Skildring av prosjekt/tiltak som det blir søkt om tilskot til
- Budsjett
I tillegg til skildring av mål og målgruppe, tiltak og eventuelle samarbeidspartnarar skal det gå fram korleis det vert arbeidd for å nå måla, inkludert framdriftsplan, opplysningar om kor lenge prosjektet/tiltaka skal vare, korleis personar i målgruppa vert rekrutterte til å delta, korleis medverknad frå målgruppa vert ivareteken og korleis de vil vurdere måloppnåing ved slutten av prosjekt-/tiltaksperioden.
Opplysningar om tilskotsmottakar, kontaktperson, adresse, organisasjonsnummer, ev ressursnummer og bankkontonummer skal gå fram av søknaden. Det er ikkje utarbeida søknadsskjema.
Les regelverket nøye før de skriv søknaden
Informasjon om tildelingskriterium, kva tiltak det ikkje vert gitt tilskot til, krav til rapportering om måloppnåing, budsjett og rekneskap og rapporteringsfristar m.v., er gjort greie for i regelverket.
Tildeling av/avslag på tilskot under denne ordninga er eit enkeltvedtak. Det er klagerett etter forvaltningslova § 28.
Tilskotsordninga er ein del av tiltakspakken sårbare eldre, jf. revidert nasjonalbudsjett 2020 og Prop. 127 S, og er ei eingongsløyving.
De kan sende søknad digitalt, som e-post til fmvlpost@fylkesmannen.no eller per brev til Fylkesmannen i Vestland 6863 Leikanger
- Søknadsfrist:
- 10. september 2020 23:59
- Målgruppe:
- Eldre og seniorar som bur i eigen heim eller omsorgsbustad
- Ansvarlig:
- Fylkesmannen i Vestland
- Hvem kan søke:
- Kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap, frivillige og ideelle organisasjonar (irekna stiftelsar)
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2022 23:59
Kontaktpersoner
-
Anne Eli Wangen
Tlf: 57 64 31 65 -
Beate Helland
Tlf: 55 57 22 15 -
Linda Svori
Tlf: 57 64 31 61 / 93 28 64 42