Tilskot til tiltak i kulturlandskap
- Søknadsfrist:
- 15. januar 2020 23:59
- Målgruppe:
- Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar
- Ansvarlig:
- Fylkesmannen
Tilskotsordninga skal medverke til å sikre berekraftig forvaltning av norske kulturlandskap som inngår i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap og er prioriterte område.
Kva for tiltak kan få tilskot
Tiltak som kan få tilskot er:
- Skjøtsel eller restaurering
- Nedkjemping av framande artar
- Gjerding og tilpassa driftsform i jordbruket
Det er utvikla eit eige sett med kriteriar for tildeling. I tillegg til tiltak i felt, kan det bli gitt tilskot til å utarbeide skjøtsels- eller tiltaksplan, nødvendig utstyr for å gjennomføre tiltak og informasjon. Blant søknader som gjeld tilskot til tiltak i prioriterte kulturlandskapsområde vil tiltak som er forankra i ein skjøtsels- eller tiltaksplan bli prioriterte.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Fylkesmannen i fylket der tiltaket skal gjennomførast. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.
- Søknadsfrist:
- 15. januar 2020 23:59
- Målgruppe:
- Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar
- Ansvarlig:
- Fylkesmannen