Tilskot til tiltak for ville pollinerande insekt

Søknadsfrist:
15. januar 2020 23:59
Målgruppe:
Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar
Ansvarlig:
Fylkesmannen

Tilskotsordninga skal medverke til å sikre eller betre leveområda for ville pollinerande insekt.

Publisert 12.12.2019

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak for pollinerande insekt som kan få tilskot, er:

  • Restaurering av leveområde
  • Skjøtsel
  • Etablering av leveområde, til dømes areal for yngling, matsøk og skjul
  • Fjerning av framande organismar
  • Tilpassa driftsform i jordbruket
  • Informasjon

Tiltak som medverkar til etablering eller skjøtsel av areal med førekomst av mange raudlista arter, og tiltak for pollinatorar i naturtypar som er klassifiserte som truga på Norsk raudliste for naturtypar 2018 vil bli prioriterte. Tiltaka kan samfinansierast med miljøtilskot i landbruket.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Fylkesmannen i fylket der tiltaket skal gjennomførast. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.

Søknadsfrist:
15. januar 2020 23:59
Målgruppe:
Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar
Ansvarlig:
Fylkesmannen