Tilskot til rovvilttiltak - Førebyggjande og konfliktdempande tiltak
- Søknadsfrist:
- 15. januar 2020 23:59
- Målgruppe:
- Husdyreigarar, kommunar og lokale organisasjonar. Lokale, regionale og landsomfattande organisasjonar og forskingsinstutisjonar kan òg søkje om tilskot
- Ansvarlig:
- Fylkesmannen
Tilskotsordninga skal medverke til å førebyggje skadar frå rovvilt i husdyrhald og tamreindrift gjennom finansiering av førebyggjande tiltak. Vidare skal midlane nyttast til godtgjering ved forsøk på skadefelling av rovvilt, medverke til å dempe konfliktar, auke verdiskapinga knytt til førekomst av rovdyr i lokalsamfunn og nyttast til forsking- og utgreiingsoppgåver.
Kva for tiltak kan få tilskot
Førebyggjande tiltak: Ein føresetnad for å gi tilskot til husdyr- og tamreineigarar er at tiltaka med stort sannsyn kan ventast å ha ein direkte tapsreduserande verknad. Dette inneber at tiltak som til dømes omfattar utvida tilsynsaktivitet aleine ikkje kan få tilskot. Tiltak som omfattar fellesløysingar med fleire besetningar, heile beitelag, sankelag m.v. vil bli prioriterte for tilskot framfor tiltak i den einskilde besetning. For annan informasjon om kva slag tiltak som kan få tilskot visast til Miljødirektoratet sitt søknadssystem på internett.
Konfliktdempande tiltak: Tiltak i kommunar skal gjere lokalsamfunn som råkast av rovvilt, særleg bjørn og ulv, betre i stand til å handtere konfliktar som desse artene kan skape. Tiltaka skal medverke til auka kunnskap om og forståing for rovvilt og rovviltforvaltning. Tiltak retta mot barn og unge blir prioriterte. Evaluering av verknader av tiltak som er sette i gang kan også få tilskot.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader som omfattar den einskilde region adresserast til Fylkesmannen i det fylke der søkjaren har bustad. Søknader av nasjonal karakter skal adresserast til Miljødirektoratet. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.
Sakshandsaming
Fylkesmannen handsamar søknaden innafor ei budsjettramme og føringar fastsett av den regionale rovviltnemnda.
- Søknadsfrist:
- 15. januar 2020 23:59
- Målgruppe:
- Husdyreigarar, kommunar og lokale organisasjonar. Lokale, regionale og landsomfattande organisasjonar og forskingsinstutisjonar kan òg søkje om tilskot
- Ansvarlig:
- Fylkesmannen