Kommunale frisklivs,- lærings og meistringstilbod for 2019
- Søknadsfrist:
- 15. mars 2019 23:59
- Målgruppe:
- Personar med auka risiko for å utvikle samansette helseplager og kronisk sjukdom, og som har trong for å endre levevaner og til å meistre livet med sjukdom og plager
- Ansvarlig:
- Fylkesmannen
- Hvem kan søke:
- Kommunar i Vestland
- Rapporteringsfrist:
- 1. mai 2020 23:59
Etablering av frisklivstilbod, i tillegg til tiltak for førebygging og tidlig oppfølging av risikogrupper, vil bli prioritert.
Tilskotsordninga skal stimulere til oppretting og vidare utvikling av kommunale kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod som bidreg til å fremje fysisk og psykisk helse og førebygge sjukdom. Tilboda skal bidra til at brukarane lærer seg å meistre livet med sjukdom.
Krav til søknaden
Søknaden må vere underskriven av rådmannen eller tilsvarande og må innehalde:
- Opplysningar om tiltak det blir søkt om tilskot til og kva som er føremålet.
- Det må gå fram korleis brukarmedverknad skal gjennomførast i planlegging og drift. Det skal også leggjast vekt på likemannsarbeid.
- Budsjett som viser kva utgifter det er rekna med til det aktuelle tiltaket, kor mykje kommunen sjølv eventuelt vil løyve og kor mykje det blir søkt om frå Fylkesmannen.
- Ved interkommunalt samarbeid må vi få dokumentasjon for det forpliktande samarbeidet mellom samarbeidskommunane.
- Namn på kontaktperson i kommunen, eventuelt referansenummer og kontonummer for innbetaling.
Søknaden skal sendast til fmvlpost@fylkesmannen.no.
Her finn de fullstending regelverk for tilskotsordninga.
Søknadsskjema og presisering av vilkår for tilskot finn de under fana "Dokument".
Rapportering for tilskot 2019
På grunn av utbrotet av Covid-19 er rapporteringsfristen endra frå 1. april til 1. mai 2020.
- Søknadsfrist:
- 15. mars 2019 23:59
- Målgruppe:
- Personar med auka risiko for å utvikle samansette helseplager og kronisk sjukdom, og som har trong for å endre levevaner og til å meistre livet med sjukdom og plager
- Ansvarlig:
- Fylkesmannen
- Hvem kan søke:
- Kommunar i Vestland
- Rapporteringsfrist:
- 1. mai 2020 23:59