Informasjon knytt til angrepet på Ukraina

Oppdatert 23.09.2022

Her finn du lenker til relevant informasjon hjå nasjonale styresmakter og fagmyndigheiter, nyhendesaker vi publiserer om temaet og referat frå møte med kommunane og fylkesberedskapsrådet i Vestland om situasjonen. 

Snarvegar:

Informasjon frå regjeringa

Nyhendesaker frå regjeringa om krisa i Ukraina finn du her

Spørsmål og svar-side om ei lang rekkje ulike tema finn du her

Latest news from the Norwegian Government on the situation in Ukraine (English)

Referat frå møte i Vestland

Her finn du referat frå møte med kommunane om den tryggleikspolitiske situasjonen.

Her finn du referat frå møte i fylkesberedskapsrådet om den tryggleikspolitiske situasjonen. 

Informasjon frå politiet

Politiet har ansvar for å registrere asylsøknad.

Asylregistrering skal som ein hovudregel skje ved Nasjonalt Ankomstsenter, Råde. Sjå denne sida for informasjon om asylregistrering for personar som oppheld seg i t.d. Vestland.

Informasjon frå politiet om situasjonen i Ukraina finn du her, og du finn nyhendesaker dei publiserer om temaet her.  

Politiet har laga informasjonsvideoar til ukrainske flyktningar som finns på denne sida (teksta på ukrainsk og russisk).

Kripos ønskjer bistand til å informere ukrainske flyktningar over 18 år om høve til å rapportere om krigsbrotsverk i Ukraina. Du finn meir informasjon i denne artikkelen.

Information from the Norwegian police about the situation in Ukraine is available in English on this page. This includes information on how to seek protection/asylum in Norway.

Einslege mindreårige asylsøkjarar

Einslege mindreårige asylsøkjarar som kjem til Norge, skal få oppnemnd representant. Representanten skal ta hand om barnet sine interesser i utlendingssaka og delta i samtalar mellom barnet og myndigheitene. Les meir om representant for einslege mindreårige asylsøkjarar her (Statsforvaltaren).

Les meir om verje og representant for barn og unge på denne sida

Informasjon frå Utlendingsdirektoratet

Utlendingsdirektoratet (UDI) behandlar søknad om beskyttelse (asyl) som politiet har registrert. Dei behandlar òg m.a. søknader om besøksvisum og familieinnvandring, og reisedokument. UDI har ansvar for at alle asylsøkarar får tilbod om ein stad å bu medan dei venter på at søknad blir behandla.

UDI har samla informasjon, spørsmål og svar som gjeld krigen i Ukraina og ukrainske flyktningar til Noreg, m.a. om innreise, visum, søknad om opphaldstillatelse og asyl i Noreg.

Informasjon til myndigheiter, frivillige og andre samfunnsaktørar er samla på denne sida. Der finn du òg samla lenker til informasjon frå ei rekkje andre aktørar/fagmyndigheiter.

Information in English on the situation in Ukraine, visa, residence and applying for protection (asylum) in Norway. (The Norwegian Directorate of Immigration, UDI).

Informasjon frå IMDi

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) har m.a. som oppgåve å ivareta arbeidet med busetjing av flyktningar, legge til rette for at fleire innvandrarar deltek i arbeids- og samfunnsliv og forvalte tilskotsordningar retta mot kommunane og frivillige organisasjonar.

IMDi har samla informasjon og nyhendesaker til kommunane, privatpersonar og organisasjonar om busetjing av ukrainske flyktningar på denne sida

Juridisk rettleiar om mellombels regelverk for kommunane

Frå 15. juni gjeld eit mellombels regelverk for personar med mellombels kollektiv beskyttelse. IMDi har utarbeida ein juridisk rettleiar til dei nye bestemmelsane i integreringslova, hovudsakleg retta mot kommunalt tilsette som jobbar med ordningane i lova. 

Webinar

Oversikt over kommande webinar frå IMDi finn du her. 

Oversikt og opptak av tidlegare webinar frå IMDi finn du her

Tolketenester i offentleg sektor

IMDi er nasjonal fagmyndigheit for tolking i offentleg sektor. Generelle råd, rettleiing og informasjon om tolking finn du her.

denne sida finn du svar på spørsmål om kva tolkespråk som er aktuelle i samtale med flyktningar frå Ukraina, når du skal bruke tolk og om bestilling av tolk.

Helsetenester til asylsøkarar og flyktningar

For rettar til helsehjelp som asylsøkar eller flyktning, må personen ha registrert søknad om beskyttelse (asyl).

Det er politiet som registerer søknad om beskyttelse/asylsøknad.  

Helsedirektoratet

Helsedirektoratet har samla relevant informasjon til kommunar, statsforvaltarar og andre offentlege aktørar på denne sida

Informasjon til helsepersonell

Du finn rettleiar til kommunane om helsetenester til asylsøkarar, flyktningar og familieforeina her. Rettleiaren har oppdatert informasjon om vaksinering og tuberkulosetesting, og eit eige kapittel (10) om særlege forhold som gjeld ukrainske flyktningar.

Informasjon til flyktningar frå Ukraina

Informasjon om helsehjelp for asylsøkarar og flyktningar i Noreg er tilgjengeleg på denne sida (helsenorge). Informasjonen er tilgjengeleg på engelsk, ukrainsk og russisk (klikkbart øvst på sida).

Plakatar med QR-kodar til meir informasjon på ukrainsk er tilgjengeleg her. Desse kan ein t.d. skrive ut og gje til ukrainskspråklege personar som kjem til kommunen. QR-koden kan lesast med mobiltelefon og vil ta deg vidare til informasjon på ukrainsk

Folkehelseinstituttet

Samleside for helsetenesta og kommunane om flyktningars og asylsøkarars helse finn du her, m.a. informasjon om tuberkulosescreening og vaksinasjon.

Informasjon til barnehage og skule

Utdanningsdirektoratet (Udir) har samla informasjon til barnehagar og skule på denne sida.

Korleis snakke med barn og unge om krig og frykt?

Udir har publisert denne artikkelen med råd om korleis snakke med barn og unge om vanskelege hendingar. Vaksne bør skape eit trygt klima der barn kan stille spørsmål og uttrykke kjenslene sine. Vaksne bør svare ærleg og direkte på alle spørsmål, men òg vere opne om at ein ikkje veit alle svar. 

Hjelpe flyktningar frå Ukraina?

Informasjon frå UDI finn du her, og informasjon frå politiet finn du her

Bergen kommune har god informasjon på denne sida

Studietilbod for flyktningar

Regjeringa har løyvd midlar til statlege og private universitet og høgskular for at dei skal kunne gi flyktningar som kjem til Noreg i løpet av 2022 ein sjanse til å starte eller halde fram i høgare utdanning. Opptak vil skje lokalt ved institusjonane i løpet av sommaren 2022 og studietilboda til flyktningar vil vere tilgjengelege seinast frå hausten 2022.

denne nettsida er det samla informasjon for potensielle søkjarar til høgare utdanning blant flyktningane, lenker til studietilbod, informasjon om kven som kan søke, korleis gå fram for å søke, rettar og plikter. 

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet har samla informasjon om rettar og plikta i det norske arbeidslivet på denne sida, m.a. omsett til engelsk, ukrainsk og russisk.

Informasjon frå Mattilsynet

Informasjon om innreise til Norge fra Ukraina med kjæledyr

Mattilsynet gjer fleire unntak frå regelverket, slik at flyktningar frå Ukraina kan få med kjæledyra sine (hund, katt, ilder) inn i Noreg. Informasjon om reglane som gjeld finn du her, på norsk, engelsk, ukrainsk og russisk

Spørsmål om dyr som står i karantene kan sendast til: postmottak@mattilsynet.no.

Travelling with pets from Ukraine

Information in English, Ukrainian and Russian from The Norwegian Food Safety Authority (Mattilsynet), regarding Ukrainians who comes to Norway bringing pets (dog, cat, ferret).

Questions about animals in quarantine can be sent to: postmottak@mattilsynet.no.

Informasjon og råd om m.a. mat, drikkevatn og atomberedskap

Krigen i Ukraina får konsekvensar på fleire av Mattilsynets ansvarsområde. På denne siden er det samla informasjon og råd om kjæledyr, mat, drikkevann, eksport, import og atomberedskap

Digital beredskap

Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) publiserte i slutten av februar sine tilrådingar og prioriterte tiltak som verksemder kan setje i verk for skjerpa  digital beredskap. Du finn artikkelen her

NSMs nettsider er det mykje informasjon og tilrådingar knytt til digital tryggleik, både for verksemder og privatpersonar. 

Her finn du NSMs råd og tilrådingar for digital tryggleik; m.a. om grunnprinsipp for IKT-tryggleik, digital utpressing, skytenester, sikring av e-post og passord. 

Nasjonalt cybersikkerhetssenter

Nasjonalt cybersikkerhetssenter (CSC) har nasjonal responsfunksjon for alvorlege digitale dataangrep i Noreg, og driftar det nasjonale varslingssystemet for digital infrastruktur (VDI). 

Her finn du informasjon om korleis varsle NSM ved digitale hendingar og datainnbrot, eller rapportere uønska hendingar etter sikkerhetsloven. 

Nasjonalt cybersikkerhetssenter (NCSC) bidreg til å beskytte grunnleggande nasjonale funksjonar, offentleg forvaltning og næringsliv mot cyberangrep. NCSC er ein arena for nasjonalt og internasjonalt samarbeid innan deteksjon (å avdekke), handtering, analyse og rådgjeving knytt til digital tryggleik.

Nasjonale trusselvurderingar

Kvart år blir det publisert tre offentlege trussel- og risikovurderingar, under finn du lenker til desse:

Atomberedskap

Oppdatert informasjon frå Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) om situasjonen i Ukraina finn du her

Norwegian Radiation and Nuclear Safety Authority (DSA) is closely monitoring the situation in Ukraine. For information on their assesments of the situation, Norwegian nuclear preparedness, iodine tablets etc. go to this page

Bruk av jodtablettar ved atomulukker

Du finn meir informasjon om jodtablettar her (artikkel frå Statsforvaltaren). 

DSA seier at dersom det skulle skje eit utslipp av radioaktive stoff i Ukraina, er avstanden så stor at det ikkje vil bli nødvendig å bruke jodtablettar i Noreg. Det vil heller ikkje vere aktuelt med innemelding. Aktuelle tiltak vil i så fall i hovudsak vere knytt til norsk matproduksjon.

Generelt har DSA lenge tilrådd at alle under 40 år alltid lagrar jodtablettar heime, dette er uavhengig av situasjonen i Ukraina. Dersom det skulle oppstå ein situasjon der råd blir gitt om å ta jodtablettar, vil det kome tydeleg informasjon frå myndigheitene. 

Helsedirektoratet og DSA sendte 10. mars 2022 eit brev til kommunane om jodtablettar som atomberedskap som du kan lese her

Kommunane kan bestille jodtablettar frå Helsedirektoratet

Les meir her (helsedirektoratet)

Helsedirektoratet ber kommunane om å først sjekke tal tablettar på lager og om dette dekker målgruppa barn og unge til 18 år, gravide og ammande, før ev. bestilling.

Om atomberedskapen i Noreg

Du kan lese meir om atomberedskap her, og organiseringa av den norske atomberedskapen her

  • Nasjonalt: Kriseutvalet for atomberedskap er ansvarlege for, og har fullmakt til, å setje i verk tiltak for å redusere konsekvensane etter ei atomulukke.
  • Regionalt: Statsforvaltaren skal sørge for koordinering av informasjon og krisehandtering i fylka, og bidra til å setje i verk samordna tiltak regionalt og lokalt.
  • Lokalt: kommunane skal ha oppdaterte beredskapsplanar for atomberedskap. Her finn du DSAs rettleiar "Kommunal atomberedskap - plangrunnlag".

Eigenberedskap - kva kan vi gjere sjølv?

På nettstaden sikkerhverdag.no finn du informasjon om m.a. eigenberedskap og kva du bør ha heime for å kunne klare deg sjølv i minst tre døgn. Eigenberedskap gjeld uavhengig av tryggleikssituasjonen i Europa og krigen i Ukraina. Du finn òg informasjon om korleis avsløre falske nyhende på denne sida, og korleis førebu seg på å kunne halde varmen ved bortfall av straum

Tilfluktsrom og sivile beskyttelsestiltak

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) samlar relevant informasjon på denne sida. 

Varsling, tilfluktsrom og evakuering av befolkning frå enkelte område, er viktige beskyttelsestiltak for sivilbefolkninga dersom Noreg nokon gong skulle kome i ein krigsituasjon. Det er ikkje krig i Noreg, og det er difor ikkje grunn til å setje i verk sivile beskyttelsestiltak som t.d. klargjering av tilfluktsrom. Tilfluktsrom skal kunne klargjerast i løpet av 72 timar ved behov. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Sivilforsvaret har ansvar for tilsyn med norske tilfluktsrom.

Det har aldri vore tilfluktsrom til alle i Noreg, m.a. fordi vi bur spreidd og at sannsynet for krig og luftangrep mot sivilbefolkninga var – og er – vurdert som lågt.

Offentlege tilfluktsrom er for alle som oppheld seg i det aktuelle området. Kommunen eig desse, og har ansvar for å informere innbyggjarane om kvar dei offentlege tilfluktsromma er. Sivilforsvaret har ansvar for drift og klargjering i ein beredskapssituasjon. Offentlege tilfluktsrom finns hovudsakleg i byar og større tettstader, og er skilta på utsida. Ikkje alle kommunar har offentlege tilfluktsrom. Oversikt over offentlege tilfluktsrom finn du i DSBs kartløysing.

Private tilfluktsrom er for dei som normalt oppheld seg på ein eigedom eller i ein bygning, t.d. kontorbygg, skular, barnehagar, sjukeheimar, verksemder, butikkar og liknande. Eigar av bygget har ansvar for å informere t.d. tilsette, elevar, bebuarar og besøkande om tilfluktsrommet, og det skal vere skilta inne i bygget. Det er òg eigar av bygget som har ansvar for å drifte og klargjere privat tilfluktsrom. Det har ikkje vore krav til å bygge private tilfluktsrom i nye bygg etter 1998.

Information in English, Ukrainian and Russian

The Norwegian Government

Latest news from the different ministries on the situation in Ukraine are available on this page (English). 

The Norwegian police

How to apply for collective protection as a Ukrainian national - information from the Police.

Information from the Norwegian police about the situation in Ukraine is available in English on this page

Information videos from the Norwegian police to refugees from Ukraine (subtitles in Ukrainian and Russian).

War crimes in Ukraine

The Norwegian police are carrying out investigations info war crimes in Ukraine, cooperating with international partners, such as the International Criminal Court (ICC). Norwegian police ask eyewitnesses to come forward. Ukrainian refugees that either themselves have experienced or witnessed war crimes in Ukraine, can give information to the police on this website: https://tips.politiet.no/web/.
Information leaflet in various languages with QR-code pointing to the website can be found here.

Travelling with pets from Ukraine

Information from The Norwegian Food Safety Authority (Mattilsynet) regarding Ukrainians who comes to Norway bringing pets (dog, cat, ferret). Information is available in English, Ukrainian and Russian on this page.

Questions about animals in quarantine can be sent to: postmottak@mattilsynet.no.

The Norwegian Directorate of Immigration (UDI)

Information in English on the situation in Ukraine, visa, residence and applying for protection (asylum) in Norway.

The Directorate of Integration and Diversity (IMDi)

You will find general information on settlement of refugees, interpreting services etc. on this page

Information in Ukrainian and Russian on the Norwegian society, introduction programme and about conversations with the help of interpreters. IMDi works on translating more information. 

IMDi has gathered Corona information in various languages from public authorities on this page

Healthcare for asylum seekers and refugees in Norway

Healthcare for asylum seekers and refugees in Norway (English, Ukrainian and Russian. Helsenorge.no)

Надання допомоги шукачам притулку та біженцям у Норвегії (Ukrainian, helsenorge.no)

Study in Norway - for refugees

Refugees who have registered for collective protection or received individual asylum in Norway, can find information about how to access higher education in Norway, courses and programmes on this page.

Working in Norway - rights and obligations

Information from The Norwegian Labour Inspection Authority in various languages can be found on this page (English, Ukrainian, Russian).

Do you want to help refugees from Ukraine?

More information about helping refugees is available from UDI on this page, and the Norwegian police on this page

The Norwegian Directorate for Civil Protection (DSB)

Information in English from DSB on the situation is available on this page

Norwegian Radiation and Nuclear Safety Authority (DSA)

DSA is closely monitoring the situation in Ukraine. For information on their assesments of the situation, Norwegian nuclear preparedness, iodine tablets e.a. go to this page


Gå til toppen av sida

Nyhendesaker frå Statsforvaltaren om temaet

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 22.09.2022

Situasjonen i Ukraina og konsekvensar i Noreg ved eit utslepp

Krigen i Ukraina gjer at situasjonen tidvis er uoversiktleg og ustabil når det gjeld tryggleiken omkring kjernekraftverka i landet. Eit utslepp av radioaktive stoff i Ukraina, vil ikkje føre til akutt fare for folk i Noreg. Avstanden er så stor at utsleppet vil fortynnast kraftig før det kjem hit.


Publisert 16.06.2022

Ukrainske flyktningar kan registrere opplysningar om moglege krigsbrotverk hjå politiet

Kripos ber kommunar og andre som er i direkte kontakt med ukrainske flyktningar om hjelp til å nå ut med informasjon om korleis dei kan melde inn opplysningar om krigsbrotsverk i Ukraina.


Publisert 16.03.2022

Registrering av ukrainske flyktningar i Vestland

Onsdag 16. mars opna Vest politidistrikt eit registreringssenter for ukrainske flyktningar i Bergen. Sjølv om det vert ei forenkla saksbehandling av flyktningar frå Ukraina, må det påreknast lang ventetid. Det vert jobba med å få på plass ei timebestillingsløysing.


Publisert 04.03.2022

Informasjon om jodtablettar og krigen i Ukraina

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik seier det er lite sannsynleg at det blir nødvendig å ta jodtablettar i Noreg som følgje av situasjonen i Ukraina. Generelt har dei lenge tilrådd at alle under 40 år alltid lagrar jodtablettar heime.


Publisert 04.03.2022

Situasjonen ved Zaporizhzhia kjernekraftverk

Det er så langt ikkje meldt auka strålenivå etter dei harde kamphandlingane i området ved Zaporizhzhia kjernekraftverk sør i Ukraina.


Publisert 04.03.2022, Sist endret 20.02.2023

Møte med kommunane om den tryggleikspolitiske situasjonen

Referat frå møte Statsforvaltaren har med kommunane i samband angrepet på Ukraina og den tryggleikspolitiske situasjonen i Europa blir publisert her.


Publisert 04.03.2022, Sist endret 02.11.2022

Referat frå møte i fylkesberedskapsrådet - tryggleikssituasjonen i Europa

Referat frå møte i fylkesberedskapsrådet om den tryggleikspolitiske situasjonen blir publisert her.