Kommunane øvde på totalforsvaret

3. og 4. mars øvde Statsforvaltaren og fleire kommunar på ulike problemstillingar knytt til totalforsvaret. Vi fekk god støtte gjennom at både Vest og Sør-Vest politidistrikt, HV-09, HV-11, Hordaland sivilforsvarsdistrikt, Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt og Universitetet i Bergen deltok.
Vi brukte same øvingsopplegget som då vi øvde kommunar både i fjor og året før. I år deltok kommunane Eidfjord, Gloppen, Stad, Sunnfjord, Ulvik, Vik, Voss, Vaksdal, Alver, Austevoll, Bjørnafjorden, Bømlo, Modalen, Osterøy, Øygarden.
Det var ei digital øving, der kommunane øvde frå sine eigne lokale. Politiet, Heimevernet og Sivilforsvaret var til stades og øvde saman med den kommunale kriseleiinga. Gjennom dagane var det fleire Teamsmøte, der kommunane delte synspunkt og problemstillingar med dei andre som øvde.
Scenarioet tok føre seg konkrete problemstillingar og hendingar knytt til mellom anna kritisk infrastruktur, personellressursar og digital tryggleik. Ved sidan av å vidareutvikle kompetanse i krisehandtering, var det eit viktig mål at øvinga skulle gi kommunane auka medvit og kunnskap om problemstillingar i øvre del av krisespekteret. Ein sentral del av det er innsikt i eigne, og andre beredskapsaktørar sine roller og ansvar.
Totalforsvaret
Totalforsvaret inneber gjensidig støtte og samarbeid mellom Forsvaret og det sivile samfunnet i førebyggande arbeid, beredskapsplanlegging og krisehandtering i heile krisespekteret (frå djup fred til tryggleikspolitisk krise og væpna konflikt).
I den nye totalberedskapsmeldinga (Meld. St. 9 (2024–2025) - regjeringen.no) presenterte regjeringa både klare forventingar og retning for arbeidet med totalforsvaret og styrking av nasjonal motstandskraft. Eit motstandsdyktig og uthaldande samfunn er nødvendig for å møte utfordringane som eit meir akutt og komplisert trusselbilde stiller oss overfor. Meldinga understrekar at kommunane skal syte for tryggleik i lokalsamfunnet, og at dei er ein viktig del av grunnberedskapen i landet.
Samvirke
Det har vore viktig med den gode støtta vi har fått både i planlegginga og gjennomføringa av øvinga. Heimevernet, Politiet, Sivilforsvaret og Universitetet i Bergen har vore viktige i så måte. Dei har kome med faglege innspel og synspunkt som har gjort øvinga meir levande og realistisk.
Kommunane evaluerte øvinga rett i etterkant. Tilbakemeldingane syner at dei alt i alt er nøgd med innhald, oppsett og gjennomføring av øvinga. Vi har alle tre åra fått tilbakemeldingar på at det er nyttig at fleire kommunar øver saman, at dei har identifisert viktige oppfølgingspunkt i eigne beredskapsplanverk og at øvinga skapte betre forståing for eigne og andre sine roller som del av totalforsvaret.
Vi har òg fått meldt tilbake nyttige forbetringsforslag til oss. Ein del nemnde m.a. at øvingsscenarioa bør ha fleire konkrete øvingsmoment som treff Forsvaret, eller der det er nødvendig å drøfte ansvarsdelinga mellom Forsvaret og kommunen. Majoriteten av kommunane meiner at Statsforvaltaren skal halde fram med å lage slike øvingar for kommunane, og då gjerne i endå tettare samarbeid med lokal øvingsleiar/ øvingskontakt.
Kommunane sa og at det er svært nyttig å øve saman med Heimevernet, Politiet og Sivilforsvaret. Dei har klare forventingar til Statsforvaltaren og sentrale styresmakter om å kome med tydelege føringar for kommunane sitt arbeid med å utvikle totalforsvaret.