27 av 43 kommunar har øvd på totalforsvaret

Øving Spekkhoggar 2.0 (totalforsvarsøving). Bilete: Lene Stavseng.

Onsdag 13. mars øvde 10 kommunar saman med Statsforvaltaren på ulike problemstillingar og hendingar knytt til totalforsvaret. Vi fekk god støtte ved at både Vest og Sør-Vest politidistrikt, HV-09, HV-11, Samfunnssikkerhetens Hus, Hordaland sivilforsvarsdistrikt og Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt deltok.

Publisert 18.03.2024

Vi brukte same opplegget då vi øvde 17 kommunar i mai i fjor. Denne gongen deltok kommunane Askøy, Bremanger, Etne, Fitjar, Kvam, Kvinnherad, Samnanger, Stord, Stryn og Tysnes. Det er ei diskusjonsøving der kriseleiinga i kommunane øver frå eigne lokale. I tillegg var representantar frå Politiet, Heimevernet og Sivilforsvaret saman med kommunane. Gjennom dagen var det fleire digitale møte, der kommunane delte synspunkt og problemstillingar med dei andre som øvde.

Scenarioet tok føre seg konkrete problemstillingar og hendingar knytt til mellom anna kritisk infrastruktur, personellressursar og digital tryggleik. Ved sidan av å vidareutvikle kompetanse i krisehandtering, var det eit viktig mål at øvinga skulle gi kommunane auka medvit og kunnskap om problemstillingar i øvre del av krisespekteret. Ein sentral del av det er innsikt i eigne, og andre beredskapsaktørar sine roller og ansvar.

Totalforsvaret inneber gjensidig støtte og samarbeid mellom Forsvaret og det sivile samfunnet i førebyggande arbeid, beredskapsplanlegging og krisehandtering i heile krisespekteret (frå djup fred til tryggleikspolitisk krise og væpna konflikt). Totalberedskapskommisjonen gav ein brei omtale av totalforsvaret. Kommisjonen sa at for at eit totalt forsvar skal verke, må det fungere på alle nivå. Dei sa vidare at eit effektivt totalforsvar føreset at regionalt og lokalt nivå vert involvert, og tek eigarskap til prosessar som gjennomførast på sentralt nivå.

Det er viktig at alle kommunane øver på problemstillingar knytt til totalforsvaret. Vi planlegg difor å ha ei tilsvarande øving i 2025 for dei resterande kommunane.

For Statsforvaltaren har det vore viktig med den gode støtta vi har fått både i planlegginga og gjennomføringa. Heimevernet, Politiet, Sivilforsvaret og Samfunnsikkerhetens Hus i Bergen var viktige deltakarar i spelet, og gjorde det meir levande og realistisk.

Diskusjon, pc, folk, bord
Diskusjon i øvingsstaben medan kommunane er «sendt ut» for å diskutere nye utviklingar i øvingsscenarioet. Deltakarar i øvingsstaben frå HV-09, HV-11, Vest PD, Sør-Vest PD og Sivilforsvaret Sogn og Fjordane deltok i stabsarbeidet gjennom Teams på øvingsdagen. Foto: Lene Stavseng.

Kommunane evaluerte øvinga rett i etterkant. Tilbakemeldingane syner at dei alt i alt er nøgd med innhald, oppsett og gjennomføring av øvinga. Vi fekk m.a. tilbakemeldingar om at det er nyttig at fleire kommunar øver saman, at dei har identifisert viktige oppfølgingspunkt i eigne beredskapsplanverk, og at øvinga skapte betre forståing for eigne og andre sine roller som del av totalforsvaret. Vi fekk òg meldt tilbake nyttige forbetringspunkt til øvinga som vi kjem til å følgje opp. Kommunane sa og at det er svært nyttig å øve på dette saman med Heimevernet, Politiet og Sivilforsvaret. 

Kommune har òg klare forventingar til Statsforvaltaren og sentrale styresmakter om å kome med tydelege føringar for kommunane sitt arbeid med å utvikle totalforsvaret. Vidare oppmoda mange av kommunane oss om å halde fram med slike øvingar.

Skjermar, digitalt møte, aktørar som øver
Øvinga var gjennomført som ei delvis digital øving, ein relativt ny øvingsform der ein spelar ut størsteparten av øvinga digitalt, medan aktørane som øver sitt fysisk samla og øver. Både vi og kommunane tykkjer denne måten å øve på kan fungere godt. Foto: Lene Stavseng .

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.