Øving for samanslåingskommunane
Tysdag og onsdag øvde kriseleiinga i kommunane som slår seg saman frå nyttår.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Vi inviterte til beredskapsøving denne veka, for å hjelpe til med å førebu og «trimme» kriseleiinga i samanslåingskommunane før dei vert formelt etablert frå nyttår. På tysdag øvde kommunane Ullensvang, Bjørnafjorden, Alver, Øygarden og Voss i Bergen. Dagen etter møttest kommunane Kinn, Stad, Sunnfjord og Sogndal på Skei. Representantar frå Vest politidistrikt, HV 09/11, Sivilforsvaret, Røde kors, Helse Førde og Helse Bergen deltok og hjelpte oss med gjennomføringa.
Scenarioet for øvinga var eit ekstremvêr med sterk vind og kraftig nedbør. Det førte mellom anna til at vegar vert stengte og at straum- og telenettet var nede, noko som igjen skapte utfordringar for kommunane sine kritiske tenester.