Atomberedskapsøving for sentrale aktørar i Vestland

Personar rundt eit bord med PC
Kriseleiinga og operasjonsstaben til Statsforvaltaren Foto: Oliva Bakketun / Statsforvaltaren i vestland.

Tysdag 10. september øvde Statsforvaltaren og deler av fylkesberedskapsrådet på ei atomhendig i Vestland.

Publisert 12.09.2024

Det viktigaste føremålet var å øve på å handtere ei atomhending, og mellom anna sjå om vi har eit fungerande planverk for det. Vi såg det som særleg viktige å øve på samvirket med dei andre sentrale aktørane i den regionale atomberedskapen.


Scenarioet var at ein alliert reaktordreven ubåt på veg ut frå Haakonsvern fekk problem med kontrollsystema for reaktoren. Det er svært lågt sannsyn for at ei slik hending skal skje. I atomberedskapen er det er likevel viktig at vi òg trenar på dei hendingar som vi ikkje trur vil skje. Slik trening gir uansett viktig overføringsverdi for andre uønskte hendingar.


Øvinga var laga av Direktorat for strålevern og atomberedskap (DSA), i samarbeid med Mattilsynet region Sør og Vest og oss. I etterkant er det viktig å evaluere øvinga, for å sikre at relevante læringspunkt vert identifisert og følgde opp i samarbeid med fylkesberedskapsrådet.

 

Mann ved talerstol. Mennesker i auditorium.
Per Inge Orhstrand frå DSA gir ei statusoppdatering i for fylkesberedskapsrådet under øvinga. Foto: Mari Severinsen / Statsforvaltaren i Vestland.

 

Personar ved talarstol. Personar i auditorium i bakgrunn.
Liv Signe leiar møte i fylkesberedskapsrådet under øvinga. Foto: Christer Thomassen Furøy / Statsforvaltaren i Vestland.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner