Sandstrand krev løyve
Strandsona er i dag under høgt press og vern av strandsona frå inngrep er difor eit prioritet område. Vi ser stadig fleire døme på at strandsona vert nedbygd, og at tilgang på strandsoneareal vert mindre.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Etablering av sandstrand og sandutfyllingar er søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningslova.
Det dukkar med jamne mellomrom opp saker hjå Statsforvaltaren om ulovleg etablerte sandstrender eller sandutfyllingar. Først og fremst er det viktig å vere klar over at eit tiltak i strandsona som oftast er omfatta av tiltaksforbodet i plan- og bygningslova. Skulle du t.d. ønskje å lage til ei strand må du derfor kontakte kommunen og finne ut om tiltaksforbodet gjeld. Vidare må det avklarast om tiltaket er i samsvar med plan og andre føresegner for det konkrete arealet, eller om det er avhengig av dispensasjon.
«Vesentleg terrenginngrep»
Det følgjer av plan- og bygningslova at «vesentlige terrenginngrep» er søknadspliktige tiltak. Dette omfattar både utgraving og utfylling, og i mange tilfelle vil det omfatte mudring (utgraving av massar under vatn) og etablering av sandstrand.
Sidan strandsona har eit spesielt vern, vil mindre tiltak og inngrep kunne få store konsekvensar, slik at inngrepa etter tilhøva må sjåast som eit vesentleg inngrep. Til og med vedlikehald av sandstrender kan verte omfatta av søknadsplikta. Strandsona har eit sterkt vern og det skal mindre til for at søknadsplikta vert utløyst når ein gjer inngrep der enn andre stader.
Det er kommunen som avgjer om tiltaket er søknadspliktig. I denne vurderinga må kommunen ta omsyn til lokalisering, påverknad på omgjevnadane og størrelsen på inngrepet. Etablering av sandstrand og omfattande vedlikehald av sandstrand vil difor i dei aller fleste tilfelle vere søknadspliktig.
Søknadsplikta gjeld uavhengig av om tiltaket er i tråd med plan eller ikkje.
Unntak kan tenkast
Grensedraginga kan tenkast dersom det er snakk om vedlikehald av ei allereie etablert sandstrand, men dette krev god dokumentasjon. I tillegg skal eventuelt vedlikehald ikkje vere meir inngripande en kva som er nødvendig for å tilbakeføre til opphavelege forhold på staden.
Når det er etablert sandstrand utan gyldig løyve, skal kommunen følgje opp etter føresegna i plan- og bygningslova kap. 32.
I tillegg til at etablering av sandstrand er søknadspliktig til kommunen etter plan- og bygningsloven, kan det vere søknadsplikt etter ureiningslova, og ei slik søknad skal rettast direkte til Statsforvaltaren.