Statsforvaltaren avviklar forsøksordninga

Vi rettar oss etter fråsegna frå Sivilombodet, og avviklar forsøksordninga om høyring av kommunale dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova.

Publisert 18.06.2024

Vi går no tilbake til slik ordninga var tidlegare. Det vil seie at kommunane skal sende oss søknader om dispensasjonar som kommunen meiner oppfyller lovvilkåra for å få dispensasjon, og fell inn under plan- og bygningslova § 19-1 og våre myndigheitsområde. Vi vil som før vurdere konkret kva enkeltsaker det er naudsynt for oss å gje ei fagleg fråsegn til.

Vi må ha nok informasjon frå kommunane

Samstundes minner vi om at kommunane må sjå til at sakene vi får til uttale alltid er tilstrekkeleg opplyste. Dette betyr mellom anna at det må liggje føre søknad med tilstrekkeleg grunngjeving og at oversendinga inneheld dei opplysningane som trengst for at vi skal kunne vurdere verknadane i høve til oppdraget vårt.

Vi ber òg om at kommunen si førebelse vurdering av om lovvilkåra for dispensasjon frå plan eller lov er oppfylte, alltid inngår i oversendinga. Vi minner også om at lovvilkåra ikkje skal vurderast ut frå eit kommunalt skjøn.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.