Kan du flytte til hytta – og få straumstøtte?
For å nytte fritidsbustad som heilårsbustad, må du søke om bruksendring. Dersom hytta ligg i eit område som er sett av til fritidsbusetnad, vil det ikkje vere lovleg å nytte hytta som heilårsbustad.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Voss herad stilte spørsmål til Statsforvaltaren om regelverket for å bruke hytter som heilårsbustader. Denne problemstillinga har blitt meir aktuell den siste tida, på grunn av høge straumprisar
Nokre hytteeigarar ønskjer no å flytte til hytta for å få straumstøtte, då slik støtte berre blir gitt til heilårsbustader. Det rettslege spørsmålet er kva som skal til for å gjere ein fritidsbustad om til heilårsbustad. Fordi spørsmålet er prinsipielt og aktuelt for fleire fylke bad Statsforvaltaren Kommunal- og distriktsdepartementet om å uttale seg om spørsmålet.
Det er avklart at du må søke om bruksendring for å kunne bruke fritidsbustad som heilårsbustad. Dersom hytta ligg i eit område som er sett av til fritidsbusetnad, vil det ikkje vere lovleg å nytte hytta som heilårsbustad.
Det er mogleg å søkje dispensasjon frå planen, men ingen har krav på dispensasjon.
Svarbrevet frå Kommunal- og distriktsdepartementet frå 30. september, ligg ved.