Løysing for minst 10 av 18 meklingar i 2024

Statsforvaltaren gjennomførde meklingsmøte om 18 arealplanar i 2024. For ti av planane vart det funne løysingar i sjølve meklinga eller i dialog i etterkant. Tre av planane går vidare til endeleg avgjerd i departementet.

Publisert 11.03.2025

Dei aller fleste kommunale arealplanar vert eigengodkjende av kommunestyra – anten utan at det vert fremja motsegner eller ved at motsegnene vert løyste gjennom dialog eller kommunal handtering.

Til dømes gjennomfører Statsforvaltaren årleg om lag 50 dialogmøte om ulike arealplanar.

Vi har også ei rolle i å mekle i kommunale plansaker der det gjennom dialogmøte og kommunal handsaming ikkje er mogleg å få til semje om motsegner frå statlege instansar eller fylkeskommunen.

I 2024 gjennomførte vi 18 meklingsmøte om like mange arealplanar. Vi hadde sjølv motsegn til 15 av desse planane, fylkeskommunen hadde motsegn til seks planar, og elles var det uløyste motsegner frå NVE og Statens vegvesen.

For ti av planane vart det funne løysingar i sjølve meklinga eller i dialog i etterkant. Det vert seinare truleg løysing for ytterlegare tre av planane. Éin plan er sett på vent. For tre av planane har dei kommunestyra vedteke at sakene går vidare til endeleg avgjerd i departementet. Dette gjeld Eide næringsområde i Øygarden kommune, Ådnamarka sør i Bjørnafjorden kommune og Lundestranda næringsområde i Stad kommune.

Det vart i 2024 mekla om fire arealdelar til kommuneplanen (Sunnfjord, Vik, Bremanger og Etne). Motsegnene vart løyste for alle desse fire overordna planane.

Statsforvaltar Liv Signe Navarsete er spesielt nøgd med at alle dei overordna kommuneplanane fann si løysing lokalt.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.