Områderegulering
Områderegulering er primært ein plantype som kan utarbeidast av kommunen etter krav i arealdelen til kommuneplanen, eller der kommunen meiner det er behov for ein slik plan i eit område av omsyn til verneinteresser eller for å leggje rammer for vidare planlegging, utvikling og bygging.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det er i utgangspunktet ei kommunal oppgåve å utarbeide områderegulering, jfr. PBL § 12-2. Kommunen kan likevel la andre andre styresmakter og private utarbeide forslag til områderegulering. Det vil sei at kommunen kan la private stå for heile eller deler av det planfaglege arbeidet innafor dei rammene som kommunen fastset, og dekke kostnadene ved dette heilt eller delvis. Det er kommunen som har ansvaret for rammer, innhald og framdrift i planprosessen.
Dersom det vert fremja forslag til områderegulering som ikkje er i samsvar med kommuneplanen, skal det utarbeidast ei konsekvensutgreiing etter reglene i plan- og bygningslova § 4–2 andre ledd. Slike endringar skal ha dei same utgreiingskrava som ved ein kommuneplanrevisjon.
KU-forskrifta gjer nærare greie for kva slags planar og tiltak som utløyser krav om konsekvansutgreiing, jf. §§ 2 og 3.