Detaljregulering
Detaljregulering er ein plan for bruk og vern av mindre område, og for utforming, bruk og vern av bygningar, uterom og anlegg. Detaljregulering er planformen for gjennomføring av utbyggingsprosjekt og tiltak, vernetiltak og sikring av forskjellige verdiar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Detaljregulering skal følgje opp og konkretisere den overordna arealdisponeringa fastsett i arealdelen til kommuneplanen eller i områderegulering.
Forslag til detaljregulering skal følgje opp hovedtrekk og rammer i arealdelen til kommuneplanen eller områderegulering. Dersom eit forslag til detaljregulering ikkje er i samsvar med arealdelen til kommuneplanen eller områderegulering, kan kommunen la vere å fremje forslaget på dette grunnlaget. Kommunen kan også krevje at forslagstillar utgreier konsekvensane av dei endringane som planen inneberer samanlikna med overordna plan som grunnlag for å handsame planen.
I samband med oppstarten av planarbeidet skal det vurderast kva for konsekvenser avviket vil kunne ha for ulike interesser og omsyn. Er avviket vesentleg, dvs. at det vil få vesentlege verknader for miljø og samfunn, skal det gjennomførast ei konsekvensutgreiing etter krava i pbl. § 4–2 andre ledd. Kva som skal utgreiast skal gå fram av planprogrammet for planen, jfr. § 12-9.
KU-forskrifta gjer nærare greie for kva for planer og tiltak som utløyser krav om konsekvensutgreiing, jf. §§ 2 og 3.
Det er innført ein frist på fem år for iverksetjing og gjennomføring av private detaljreguleringar, jf. § 12-4, 5. ledd.