Planstatus i nye Vestland

Fylkesmannen har laga to kart over nye Vestland som viser at det er stor variasjon mellom kommunane i kor tid dei sist reviderte samfunnsdelen og arealdelen til kommuneplanen.          

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.06.2019

Dei to karta viser når kommunane sist reviderte arealdelen og samfunnsdelen til kommuneplanen. Kommunane som i inneverande kommunestyreperiode har vedteke kommuneplanen har grøn farge, mens dei kommunane som har eldre planar er viste med gul eller raud farge.

Som karta viser er det stor variasjon mellom kommunane når det gjeld kor oppdaterte planar dei har. Fleire kommunar har jobba godt med dei overordna planane sine for å få dei vedtekne før kommunevalet til hausten, og for nokre også  før kommunesamanslåing i 2020. 

Nokre kommunar med raud farge på kartet, som t.d. Radøy og Meland, er i sluttfasen med revisjonsarbeidet og vil truleg få oppdaterte kommuneplanar rett etter sommaren. Ein del andre kommunar som har raud farge på kartet har prioritert arbeid med kommunedelplanar, som t.d. Stryn, slik at delar av areala i desse kommunane har meir oppdaterte planar enn det kartet syner. På den andre sida er det også nokre kommunar som har svært gamle kommunaplanar som er mykje eldre enn frå 2012.  

Fylkesmannen oppmodar kommunane om å prioritere arbeidet med å halde planane oppdaterte for å sikre ei berekraftig samfunnsutvikling og arealforvaltning. 

Kart som viser når arealdelen sist vart revidert

Ny runde med planstrategiar i 2020

Kommunal planstrategi er eit viktig hjelpemiddel for kommunane til å trekkje opp dei viktigaste utfordringane for lokal samfunnsutvikling, og til å prioritere og målrette planlegginga. Kommunen har etter plan- og bygningslova plikt til å utarbeide ein kommunal planstrategi minst ein gong i kvar valperiode.  

24 kommunar blir slått saman til ni nye kommunar i Vestland frå 1. januar 2020. Arbeid med planstrategien, og seinare kommuneplanen, vil vere ei sentral oppgåve spesielt for desse kommunane. Gjennom dette arbeidet kan kommunane få til ei felles retning for samfunnsutviklinga, og møte behova og utfordringane i dei samanslegne og større kommunane.

Berekraftig og heilskapleg arealforvaltning

For å fremje ei berekraftig utvikling utarbeider regjeringa kvart fjerde år nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Det nye i forventningane i år er m.a. at FN sine 17 berekraftsmål skal leggjast til grunn for planlegginga. Berekraftsmåla skal m.a. sikre sosial rettferd, god helse og stoppe klimaendringane og tapet av naturmangfald.  

Kommunane har ansvar for å sikre nasjonale og viktige regionale interesser i planlegginga. Vern av areal etter naturmangfaldlova femner berre om ein mindre del av areala i fylket. Resten av landareala, vassdraga og dei kystnære sjøareala må forvaltast gjennom planlegging etter plan- og bygningslova. 

Det er ei klar forventning frå nasjonale og regionale planstyresmakter at utbygginga og utviklinga i kommunane skal vurderast og avklarast i samband med revisjon av kommuneplanen. Dette er viktig for å kunne sikre ei berekraftig samfunnsutvikling og arealforvaltning. Oppdaterte kommuneplanar gir også raskare behandling av reguleringsplanar, og gjer det meir føreseieleg for innbyggjarar og næringsliv. 

Kommunane har ei krevjande oppgåve med å løyse dei mange arealinteressene og potensielle arealkonfliktane som er knytte til m.a. næringsutvikling, infrastruktur, sentrumsutvikling, bustadbygging og hyttebygging. Samtidig skal kommunane sjå til at arealbruken tek omsyn til naturmangfald, friluftsliv, landbruk, samfunnstryggleik og beredskap, folkehelse eller barn og unge. For å få dette til er det avgjerande at kommunane prioriterer arbeidet med planstrategien, samfunnsdelen og arealdelen til kommuneplanen. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.