Departementet støttar oppheving av løyve til kjøpesenter på Haukås
Kommunal- og moderniseringsdepartementet opprettheld vedtaket til Fylkesmannen om å oppheve Bergen kommune sitt løyve til kjøpesenter på Haukås.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Bergen kommune ved fagetaten gav rammeløyve til eit kjøpesenter på om lag 70 000 m2 utan at Hordaland fylkeskommune hadde gitt samtykke til det. Fylkeskommunen skal gi samtykke til handelsareal på meir enn 3 000 m2. Det gjeld både i bysentrum, tettstader og utanfor. Her hadde kommunen sagt ja til eit kjøpesenter over 20 gonger så stort, på storleik med Lagunen som er definert som eit bydelssenter med regionale funksjonar, utan at Haukås er definert som eit senter.
Departementet har sagt seg samd i at saka skulle ha vore behandla etter regionale planføresegn i samsvar med regional plan for attraktive senter i Hordaland. Fylkesmannen oppheva kommunen sitt vedtak som ugyldig mellom anna av den årsaka. Departementet har gått lengre og meiner at det er grunnlag for å gjere om kommunen sitt vedtak.
Verken Fylkesmannen eller departementet fann det nødvendig å gå nærare inn på andre feil ved kommunen sitt vedtak for å sjå at det var ugyldig.