Årsrapport 2024
Årsrapporten vår viser nøkkeltal for embetet og korleis vi har løyst oppgåvene våre. I tillegg skildrar han situasjonen på fleire område i fylket.
Publisert 04.03.2025
Rapporten er først og fremst ei tilbakemelding til sentrale styresmakter, men kan også vere av interesse for ei større målgruppe.
Vi sender årsrapporten til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, som statsforvaltarane er administrativt underlagt. Vi får dessutan oppdrag frå ei rekkje fagdepartement og -direktorat. Årsrapporten er såleis ei direkte tilbakemelding til dei som styrer oss.