Gunnar O. Hæreid skal leie nytt utval

Portrettbilde av Gunnar O. Hæreid.
Gunnar O. Hæreid. Foto: Oskar Andersen.

Landbruks- og matdepartementet har oppnemnt eit utval som skal føreslå tiltak for å få til betre sameksistens mellom jordbruk og reindrift, for å kunne etablere tilleggsareal for Fosen reinbeitedistrikt. Assisterande statsforvaltar Gunnar O. Hæreid skal leie utvalet.

Publisert 27.01.2025

Utvalet skal kartleggje eksisterande utfordringar mellom jordbruk og reindrift i Nord-Østerdalen, og kva som er grunnlaget for desse. På bakgrunn av kartlegginga skal utvalet føreslå tiltak som kan bidra til betre sameksistens, og leggje til rette for betre dialog og tillit mellom næringane. I arbeidet med å leggje til rette for at reinen på Fosen kan bruke området som vinterbeite er det sentralt å finne løysingar på utfordringane som over tid har vore i området mellom jordbruket og reindrifta.

Gunnar O. Hæreid, assisterande statsforvaltar i Vestland, skal leie utvalet, som elles er samansett av reineigar Marit Meløy og gardbrukar Erling Aas-Eng. Landbruks- og matdepartementet skal vere sekretariat. Utvalet skal leggje fram sin rapport innan 1. desember 2025.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.