Vi tilrår Helleren naturreservat i Lærdal kommune

ein steinmur langs ein veg med fjellskrent over og låg sol
Kongevegen er eit svært viktig kulturminne som går gjennom det tilrådde naturreservatet Helleren i Lærdal kommune. Registreringar synar at 60 -70 000 menneskje vandrar på kongevegen kvart år. Helleren husar ei rekke raudlista artar og naturtypar og er tilrådd i samarbeid med grunneigar. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Vi tilrår etablering av Helleren naturreservat i Lærdal kommune. Området er 833 dekar stort og er tilrådd etter dialog med grunneigar. Arealet husar verdifull edellauvskog og bidreg til målet om å ta vare på representativ og verdifull natur for framtidige generasjonar. 

Publisert 01.08.2024

Som ein del av arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Vestland fylke tilrår vi opprettinga av Helleren naturreservat i Lærdal kommune. Det samla arealet vi foreslår til vern har ein storleik på 833 dekar, der 700 dekar er registrert som skogdekt. 

Arealet er eigd av ein privat grunneigar som har signert tilbod om vern av eigedom som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern, og det er AT Skog som har forhandla med staten på vegner av han.

Helleren naturreservat vil grense til Lærdalselva i sør. Kongevegen går gjennom kandidatområdet, eit viktig kulturminne og trekkplaster for tusenvis av vandrarar kvart år. Friluftsliv, reiseliv og kulturminne er viktige interesser i området og er utgreidd i tilrådinga som ligg i si heilskap i høgrefana. 

Frodig lauvskog ved ei elv
Skogen ligg i ei sørvendt li langs Lærdalselvi og husar mange varmekjære treslag. Det er registrert eit høgt tal raudlista artar i området. Eit vern vil bidra til å ta vare på truga, sjeldne og sårbare artar for framtida. Foto: Vebjørn Enerstvedt, AT Skog.

Rik edellauvskog langs Lærdalselvi

Oppretting av eit verneområde på Helleren bidreg til å nå internasjonale mål og forpliktingar, m.a. nedfelt i konvensjonen for biologisk mangfald om å ta vare på truga artar. Ved å verne naturen mot ulike typar inngrep gir verneområdet eit positivt bidrag til det nasjonale og internasjonale målet om å stanse tapet av naturmangfald. Helleren vil bidra til å kome nærmare det nasjonale målet vedteke av Stortinget om 10 % vern av skog.

Det tilrådde verneområdet omfattar rik edellauvskog langs Lærdalselvi som husar ein variert skogmosaikk med 5 sterkt truga (EN) og 6 nær truga (NT) artar. Vern av skogen bidreg til å redusere dei negative effektane av klimaendringane gjennom å sikre eit nettverk av viktige leveområde for naturmangfaldet i norske økosystem.

Oppstartsmelding og høyringsdokument for verneområdet er sendt til relevante sentrale og lokale partar, sjå adresseliste bak i dokumentet til høgre. Omtale av interessser som til dømes friluftsliv, reisliv, kulturminne, med meir er å lese i tilrådinga.

I tillegg til utsending av oppstarts- og høyringsdokument direkte til aktuelle høyringsinstansar, er både oppstart og høyring presentert på nettstaden vår og kunngjort i Sogn Avis og i Porten. 

Vi tilrår å opprette Helleren naturreservat

Det kom inn fleire innspel til verneprosessen. I tilrådinga ligg eit samandrag av innspela og våre kommentarar til disse. Miljødirektoratet skal handsame saka vidare før den blir sendt til KLD før vernevedtak i statsråd. Vi håpar på vernevedtak i løpet av året. 

Verneforskrifta er tilgjengeleg bak i tilrådinga vår som ligg til høgre i denne nettsaka. Der ligg også lenkje til både oppstartsmeldinga og høyringsdokumenta.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.