Vi samlar inn kunnskap om Sognefjorden i utgreiingsfasen av den marine verneprosessen

marine arter med farger på en stein
Det er som ein skattejakt å rekne når havforskarane skal ut på tokt for å kartleggje marint naturmangfald. Vi håpar å samle mykje ny kunnskap om Sognefjorden den nærmaste tida. Skipet med havforskarane kjem på tokt til i ein fjordarm nær deg i løpet av hausten. Foto: Erling Svensen.

Eit viktig ledd i verneprosessen for Sognefjorden er å samle eksisterande og også produsere ny kunnskap. Vi vil her skildre kva som skjer framover i denne utgreiingsfasen av den marine verneprosessen for verdas djupaste og vår lengste fjord.

Publisert 02.11.2023

For å få eit tilstrekkeleg godt vurderingsgrunnlag i verneprosessen treng vi påfyll av kunnskap. Vi produserer kunnskap både ute i felt på fjorden og inne ved skrivebordet eller i møte. Vi samlar også inn eksisterande kunnskap. Vi er inne i utgreiingsfasen av verneprosessen. 

Utgreiingsprogrammet er ramma for verneprosessen

Utgreiingsprogrammet er ein plan for verneprosessen, og det var vårt, Statsforvaltaren, sitt ansvar å utarbeide denne. Utgreiingsprogrammet låg ute, tilgjengeleg for innspel i lag med oppstartsmeldinga, og det kom mange innspel til både tema for utgreiing, involvering og framdrift.

Miljødirektoratet fastsette utgreiingsprogrammet desember 2023, og denne skapar ramma for vårt vidare arbeid i verneprosessen. Slik blir vernearbeidet føreseieleg for alle partar. Ved å følgje denne lenkja finn du vår oversending til direktoratet og ved å følgje denne lenkja finn du det endelege utgreiingsprogrammet. Sjå også lenkjesamlinga i høgrefana. 

Arbeidet med konsekvensutgreiing (KU) er godt i gang

Sidan Sognefjorden er så stor og mange kan bli påverka av eit framtidig vern er det vesentleg å forstå alle konsekvensane eit vern kan føre med seg. Difor er det satt i gang eit arbeid med konsekvensutgreiing (KU). Sidan arbeidet er såpass omfattande har oppdraget vore ute som eit offentleg anbod på Doffin. Vi fekk tre tilbod om KU-arbeidet og Akvaplan Niva vann oppdraget. Arbeidet starta i desember 2023 og skal, etter planen, vere ferdig i desember 2024.

en person på båt med eit undervassdrone i vinterlandskap
Til kartlegginga er det nytta undervassdrone med gps-sporing, slik at det er lett å lokalisere og kartfeste viktige funn. Forskarane nyttar video for å kunne artsbestemme det som blir observert via skjerm om bord på båten. Foto: Statsforvaltaren i Vestland v/ Maria Knagenhjelm.

Kartlegging og modellering av fjordbotnen

Vi fekk midlar på slutten av 2022 til å kartleggje enkelte grunne område i Sognefjorden. Rapporten frå Rådgivende biologer kan du lese ved å følgje denne lenkja. Kartlegginga gav oss ny kunnskap om naturtypar på grunne område langs fjorden som sjøfjærbotn og ålegraseng.

Hausten 2023 var Havforskningsinstituttet (HI) ute med båt og undervassdrone. Forskarane kartla Sognefjorden for viktig biologisk mangfald med både raudlista artar og sårbare naturtypar. HI skal også lage ein modell, basert på kartleggingsdata, for å kunne forutseie kor det kan vere viktig naturmangfald. Sidan det ikkje er mogeleg å kartleggje kvar meter av fjorden vil det vere nyttig å ha ein modell på kor artar sannsynlegvis har sine leveområde. Havforskningsinstituttet gjennomførte også kartlegging av ankringsområde i fjorden. Du kan lese det første utkastet til kartleggingsrapport i høgrefana på denne nettsaka. Rapporten vil bli endeleg når modelleringa er gjennomført sommaren 2024.

person ser på video av sjøbotn med pc framfor seg
Mens undervassdrona symjar framover langs sjøbotn sit marinbiologen i båten og følgjer nøye med. Ho registrerar artane som som kjem forbi på skjermen. I bakgrunnen sit droneoperatøren. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Kva skjer i verneprosessen framover?

Vi vil setje i gang med møte i referansegruppene utover sommar og haust 2024. Vi har tre ulike referansegrupper med representantar frå t.d. kommunar, næringsaktørar, organisasjonar, akademia, med fleire. For å lese meir om referansegruppene og korleis vi vil jobbe med involvering, sjå utgreiingsprogrammet. 

Arbeidet med KU går jamnt framover, og etter at dokumentet er ferdig vil Statsforvaltaren trenge eit par månaders for å kunne lage eit framlegg til vernekart og vernereglar. Vi håpar å leggje fram eit verneframlegg til offentleg høyring i løpet av vinteren/våren 2025. Då vil det bli god tid for alle å kunne seie si meining og vi er på tilbodssida for å besøke kommunar som ønskjer det.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.