Vi inviterer til informasjonsmøte om supplerande vern i sørvestre Øygarden
I det sørvestre Øygarden ligg eitt av dei største og mest intakte kystlandskapa i Hordaland, og vi ønskjer å ta vare på området for framtida. Vi inviterer til ope møte i Nordsjøfartmuseet i Telavåg den 14. november kl 18 for å høyre di meining.
Nasjonalt viktig natur
Områda mellom Telavåg og Golta er blant dei største, mest inngrepsfrie kystlandskapa i Hordaland.
Her finn vi store kystlyngheiområder i mosaikk med myrar, tjern og noko naturbeitemark. Kystlyngheia består både av purpurlyng og andre undertypar. Naturtypen er raudlista som sterkt trua og naturbeitemark er nasjonalt raudlista som trua. Dette er også eit svært viktig friluftsområde med godt etablerte turstiar.
Lokalkunnskap er viktig
Vi ønskjer å informere om bakgrunnen for kvifor vi ønskjer å verne området, og kva eit vern vil innebere for bruken vidare. Vi er tilgjengelege for dialog og spørsmål. Det er ingen påmelding til møtet, og møtet er ope for alle. Møtet vert arrangert i samarbeid med Øygarden kommune.
Vi ønskjer også å få meir informasjon frå lokalkjente og tips om det er interesser og brukarar vi no i tidleg fase av arbeidet bør gå i dialog med. Vi håpar også å få moglegheit til å ytterlegare informere politikarane i kommunen ved seinare høve. Sjå lenkje til høgre for digitalt kart.