To nye naturreservat i Vestland vil sikre viktig natur for framtida
Regjeringa verna i dag 27 nye skogområde i åtte fylke. Områda er viktige levestader for mange trua artar. Vernet er viktig for å ivareta desse artane i framtida. To av disse ligg i kommunane Sogndal og Kinn i Vestland.
Skogvernet skal bidra til å nå to nasjonale mål for naturmangfald:
- Eit representativt utval av norsk natur skal bevarast for kommande generasjonar.
- Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til trua og nær truande artar og naturtypar skal betrast.
Vernevedtaket er også eit steg mot målet til Stortinget om vern av 10 prosent av skogen. Over 5,3 prosent av all skog i Noreg er no verna og i Vestland har vi verna 3,3 prosent.
Svanøy naturreservat i Kinn kommune er eit stort og variert verneområde på ca. 5200 dekar. Viktige skogtypar i området er fattig og rik boreonemoral regnskog, rik edellauvskog, gammalskog av både boreal barskog og lauvskog, låglands- og kystfuruskog, og ein lokalitet av gammal svartorsumpskog. Svanøya ligg i kjerneområdet for fattig boreonemoral regnskog, som er ein trua naturtype med status sårbar (VU) på raudlista for naturtypar. Skogen er gjennomgåande lite påverka og gammal, stadvis med mykje død ved. Ei rekkje artar er registrerte i området, også mange trua artar. Saman med nærliggjande Osøyra naturreservat som vart verna i 2023 vil Svanøya naturreservat også bidra til eit større økologisk nettverk. Les meir om Svanøya naturreservat og om verneprosessen ved å lese tilrådinga i lenkesamlinga til høgre.
Vestreim naturreservat i Sogndal kommune ligg i ei sørvendt li på Kaupanger, og høgdenivået varierer frå om lag 500 til om lag 800 meter over havet. I området finn ein ulike skogtypar. Lengst nord i dei høgstliggande områda er det gammal boreal lauvskog med furu. Lenger ned i lia er det gammal og skrinn heifuruskog. Dei sørlegaste, og lågastliggande, områda er dominert av gammal furuskog med høg bonitet. Her finn vi også furu av store dimensjonar, truleg eldre enn 150 år. Dei største verneverdiane i området er knytt til den gamle furuskogen i dei lågare delane av verneområdet. Her finn ein skog med variert alder. Her er det registrert arten gubbeskjegg, som er på raudlista med status som nær truga. Les meir i lenkesamlinga til høgre.
Kontaktpersoner
-
Maria Knagenhjelm
Tlf: 57 64 31 37 / 93 66 42 56 -
Halvor Røssum
Tlf: 57 64 31 44 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47 -
Kjell Kvingedal
Tlf: 55 57 23 12 / 97 50 40 50