Stad marine verneområde er i dag vedteke i statsråd
Eit av landets mest vêrharde kystavsnitt er i dag verna i statsråd. Stad marine verneområde er unikt både fordi arealet har svært høge naturkvalitetar, men også fordi lokalt engasjement har bidrege til eit av landets mest spesielle verneprosessar.
Årets julegåve til det marine naturmangfaldet
I dag vart Stad marine verneområde offisielt vedteke i statsråd, ei for mange etterlengta avgjerd, og markerer med det eit nytt steg mot betre bevaring av Noregs marine økosystem. Verneområdet ligg langs den ville og vakre kystlinja av Stad i Nordfjord, og vil bidra til å sikre eit mangfald av marine artar og deira leveområde. Det marine verneområdet inkluderer areal både i Stad og Kinn. Begge kommunane har vore positive til opprettinga. Vi siktar på å markere vernevedtaket lokalt med brask og bram i 2025.
Eit uvanleg sterkt lokalt engasjement har løfta heile verneprosessen
Prosessen fram til vernevedtaket har teke tid, men verneprosessar tek ofte tid for å kunne vere både inkluderande, etterprøvbare og grundige. Det lokale engasjementet for marint vern på Stad har medført eit vesentleg større verneområde og med eit høgare restriksjonsnivå enn det som var utgangspunktet.
Eit oppdragsbrev frå Klima- og miljødepartementet i april 2017 sette heile verneprosessen i gang. Dåverande Fylkesmannen i Sogn og Fjordane fekk oppdraget frå Miljødirektoratet, og førstnemnte sendte ut oppstartsmelding for arbeidet same haust. Etter mange synfaringar, innspel, kartleggingar og møte valde Fylkesmannen, seinare Statsforvaltaren i Vestland, å utvide kandidatområdet i to omgangar. Utvidinga medførte at både nasjonalt viktige stortareskogar og seinare korallområde med raudlista artar vart inkludert.
Eit framlegg til verneforskrift kom så på høyring, i lag med forslag til kartavgrensing, i februar 2022. Vi sendte vår tilråding i september 2022 for oppretting av Stad som marint verneområde, etter å ha vurdert 20 høyringsinnspel og hatt både opne møte lokalt og med politisk nivå i begge kommunane.
Miljødirektoratet sendte si tilråding om Stad marine verneområde vidare til Klima- og miljødepartementet i juni 2023. Miljødirektoratet vurderte ulike alternativ for avgrensing av området og for restriksjonar på hausting av stortare, og etter ei samla vurdering slutta Miljødirektoratet seg til Statsforvaltaren si tilråding. At begge kommunane heile vegen har vore positive til marint vern har vore viktig for det endelege resultatet.
Vernevedtaket medfører no forbod mot hausting av stortare i det meste av verneområdet
Den 20. desember 2024 er Stad marine verneområde vedteke oppretta av Kongen i statsråd. Miljødirektoratet har delegert forvaltningsmyndigheita for Stad marine verneområde til Statsforvaltaren i Vestland.
Ein viktig del av prosessen har vore den breie medverknaden frå lokalsamfunnet. Gjennom opne høyringar og dialogmøte har innbyggjarar, fiskarar, næringsliv og andre interessentar fått høve til å kome med innspel. Det har vore stor interesse frå lokalt hald om framgang i verneprosessen, og med vernevedtaket vil umiddelbart hausting av stortare no vere forbode vest for Stålet og sør for Stad, sjå kart.
Lokalt engasjement har auka vernet - finst det liknande i norsk naturforvaltning?
Offentlege høyringar gjev ei plattform for alle interesserte partar til å kome med sine synspunkt. Dette har inkludert skriftlege innspel og offentlege møte der forslaga til verneplanen har blitt drøfta. Høyringsprosessen har vore avgjerande for å sikre at vernevedtaket har brei støtte i befolkninga.
Vi kjenner ikkje til tilsvarande tilfelle i landet der lokalt engasjement for vern har medført ei så stor auke i areal med heile 46 % større areal i det endelege verneområdet samanlikna med utgangspunktet. Det er også unikt at lokalt engasjement har pressa på for å auke restriksjonsnivået i verneområdet, i Stad sitt tilfelle å redusere arealet tilgjengeleg for hausting av stortare. Vernevedtaket viser at lokalsamfunn har blitt lytta til.
Vegen vidare etter vernevedtak
Med vedtaket i statsråd er Stad marine verneområde no offisielt oppretta, og arbeidet med å implementere verneforskrifta kan starte. Dette inkluderer regulering av stortarehaustinga og spreiing av kunnskap om vernereglane. Samtidig vil det bli lagt til rette for forsking og utdanning, slik at vi kan lære meir om og ta vare på dette unike området.
Dette vedtaket markerer eit nytt steg for vernet av marine område i fylket og er eit godt døme på korleis samarbeid mellom styresmakter og lokalsamfunn kan føre til gode løysingar. Stad marine verneområde vil ikkje berre verne naturen i dette utsette kystområdet, men vil også kunne bidra til å styrke lokal identitet og stoltheit over dei økosystema som finst langs Noregs kyst.
Forvaltningsplanar kan gjere forvaltninga meir føreseieleg for alle partar
Det kan vere aktuelt å skrive ein forvaltningsplan for det marine verneområdet for å skape føreseielege rammer for både lokalbefolkning, næring og for forvaltninga.
Ein forvaltningsplan skal vere eit hjelpemiddel for å oppretthalde verneformålet og for å fremje verneverdiane. Forvaltningsplanar blir utarbeidde innanfor rammene av vernereglane. Den skal både fungere som rettleiar for forvaltningsstyresmaktene og bidra til å gjere det meir føreseieleg for folk som t.d. ønskjer å søkje om å gjennomføre eit tiltak eller ein aktivitet innanfor vernegrensa.
Ein forvaltingsplan er ikkje eit juridisk bindande dokument, men skal avklare handtering av verne- og brukarinteresser i området. Ein slik prosess vil i så fall leggje stor vekt på involvering, som møte og opne høyringar, slik som under verneprosessen.
Les meir om Stad marine verneområde ved å følgje denne lenkja.
Kontaktpersoner
-
Kjell Kvingedal
Tlf: 55 57 23 12 / 97 50 40 50 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47 -
Maria Knagenhjelm
Tlf: 57 64 31 37 / 93 66 42 56