Rik edellauvskog og gamal barskog verna
Den 19. mars vart 15 skogområde i tre fylke verna som naturreservat ved kongeleg resolusjon. To av områda ligg i Vestland. Hopslia på grensa mellom Samnanger og Bjørnafjorden, og utviding av naturreservatet Gulbergnotten i Ullensvang. Naturreservata er oppretta gjennom ordninga med frivillig skogvern.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Frivillig skogvern er eit viktig tiltak for å redusere tapet av naturmangfald, og Stortinget har som mål å verne ti prosent av skogen i Noreg. Til no er om lag fem prosent av skogen verna nasjonalt, og i Vestland fylke er talet om lag tre prosent.
Viktig vestlandsnatur verna
Hopslia og utvidinga av Gullbergnotten inneheld både rike edellauvskogar og gamal urskognær barskog, og har eit samla areal på 5 092 dekar.
Hopslia er ein del av eit større skoglandskap, og har stor variasjon av natur- og vegetasjonstypar, med rik edellauvskog, eldre furuskog, rik myr og rik sumpskog. Viktige treslag er mellom anna barlind, alm, ask, hassel, gråor og svartor. Reservatet er på 2 587 dekar.
Gulbergnotten er med dette vedtaket utvida med om lag 2 505 dekar til totalt 5 827 dekar. Området består av variert skog med både edellauvskog og furuskog som er representativ for midtre strok av Hardangerfjorden. Området har stadvis urskogpreg og ein har overgangar frå frodige skogtypar i låglandet til meir fattige typar i fjellet.
Det er ei målsetting å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørd tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.
Kvifor vern av skog?
Artsdatabanken, den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Arealendringar er den faktoren som påverkar norske artar mest, og ein reknar med at 90 prosent av dei truga raudlisteartane vert negativt påverka av arealendringar. Inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Å ta vare på mest mogleg intakte økosystem i skog er blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på vestlandsnaturen for framtida.
Frivillig skogvern
Dei siste åra har frivillig skogvern vore den aktuelle framgangsmåten for å verne om viktig naturmangfald i skog. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette.
I ein slik prosess er det grunneigar som tilbyr staten område for vern. For staten er det viktig at området inneheld viktige miljøverdiar. Dersom dette er tilfelle, kan det setjast i gong ein prosess for å verne området. Grunneigar kan trekkje tilbodet når som helst under arbeidet, heilt fram til ein avtale er signert.
Vernevedtaka som no er godkjente i statsråd er begge resultat av at grunneigarane har tilbode staten frivillig vern av skogen. Les meir om frivillig skogvern på heimesidene våre.
Kva betyr det at eit område er verna?
For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne skogområda som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby tiltak og aktivitetar som kan skade verneverdiane i naturreservatet.
Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt og fiske, og ålmenta vil framleis kunne plukke sopp og bær. Turstiar som er i området skal òg kunne haldast ved like. Eksisterande installasjonar på vernetidspunktet skal kunne driftast og vedlikehaldast.