Ope møte om forvaltningsplanen for Hestad landskapsvernområde
Statsforvaltaren i Vestland arrangerer eit ope møte om forvaltningsplanen for Hestad landskapsvernområde tysdag 7. mai 2024 kl. 11.30 på Hestadgrend bedehus. Alle som ønskjer det, er velkomne.
Publisert 29.04.2024
Sakliste til møtet:
- Velkomen
- Kort orientering om forvaltningsplanen
- Spørsmål og innspel
- Eventuelt
- Synfaring dersom det er ønskjeleg
Framlegget til forvaltningsplan for Hestad landskapsvernområde finn de ved i høgrefana eller ved å følgje denne lenkja: Høyring av forvaltningsplanen for Hestad landskapsvernområde | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no)
Pga møtet vil det vere høve til å kome med innspel til forvaltningsplanen fram til 15. mai, sjølv om høyringsfristen er sett til 1. mai 2024.
Kontaktpersoner
-
Tom Dybwad
Tlf: 57 64 31 23 -
Johannes Anonby
Tlf: 57 64 31 25