Ny rapport syner høgt artsmangfald i Vingen landskapsvernområde
![Utsyn over Vingen landskapsvernområde i Bremanger. Den nye rapporten frå Miljøfaglig utredning har kartlagt og funne mange artar som trivst i området. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Tom Dybwad. Utsyn over Vingen landskapsvernområde i Bremanger. Den nye rapporten frå Miljøfaglig utredning har kartlagt og funne mange artar som trivst i området.](/contentassets/0898ff7eb2c345cdab2e0adbe03bf808/vingen-landskapsvernomrade.jpg)
Mange artar av karplantar, mosar og verdfulle naturtypar vart funne i Vingen i Bremanger sommaren 2021. Rapporten frå kartlegginga er no tilgjengeleg.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I samband med utarbeidinga av ein forvaltningsplan for Vingen landskapsvernområde har Miljøfaglig Utredning, på oppdrag frå Statsforvaltaren, kartlagt artsmangfaldet i Vingen landskapsvernområde.
Kartlegginga viser eit relativt høgt artsmangfald. Det er påvist om lag 180 karplanteartar og 45 moseartar. Mange av moseartane er oseaniske.
Det er registrert 10 naturtypelokalitetar: naturbeitemark, kystlyngheier, kystmyr og nordvendte berg og flomdam. Trelokalitetar av nordvendte kystberg har fått verdien A – svært viktig.
Vingen er, saman med andre område i Bremanger, svært viktig for den truga arten fossegrimemose. Les meir i rapporten som ligg i fana til høgre.
Kontaktpersoner
-
Tom Dybwad
Tlf: 57 64 31 23