Marint vern: Høyringsframlegg for Stad og Dalsfjorden er sendt til godkjenning
Fylkesmannen i Vestland vart ferdig i august/september 2020 med høyringsframlegga for dei to marine verneområda Stad og Dalsfjorden. Dei to tilrådingane ligg no til fagleg gjennomgang og godkjenning i Miljødirektoratet. Mest truleg blir det høyring i løpet av seinhausten 2020.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Oppdrag på marint vern
Fylkesmannen i Vestland fekk i 2017 oppdrag om å utarbeide framlegg til marine verneområde kring Stad i Stad kommune og i Dalsfjorden i kommunane Askvoll, Sunnfjord og Fjaler. Disse to områda har eit unikt naturmangfald og Stortinget ønskjer å ta vare på disse for kommande generasjonar. Arbeidet er vurdert etter § 42 i naturmangfaldlova og kapittel VIII i forvaltningslova.
Brei involvering sidan 2017
Etter oppstarten i 2017 har det vore mange synfaringar og møte med kommunar, grunneigarar, næringsaktørar og andre involverte i dei enkelte områda. På grunnlag av opplysningar om verneverdiar, innkomne merknadar og drøftingar med både lokale og sentrale aktørar har vi utarbeida eit framlegg til vern. Framlegget inkluderer eit kart med avgrensing av det enkelte området og ei verneforskrift.
Utsyn mot Stålet, Stad marine verneområde. Foto: Maria Knagenhjelm, Fylkesmannen i Vestland.
Fagleg gjennomgang i Miljødirektoratet
Før framlegget blir sendt ut på høyring, skal Miljødirektoratet ha det til fagleg gjennomgang og godkjenning. I august vart høyringsframlegget for Dalsfjorden marine verneområde og i september vart høyringsframlegget for Stad marine verneområde oversendt direktoratet. Du kan lese framlegga til høgre i nettartikkelen.
Høyring i løpet av hausten 2020
Framlegga frå Fylkesmannen vart sendt som kopi til dei involverte kommunane og til fylkeskommunen. Når direktoratet har godkjent framlegget vert det sendt ut på høyring. Då vil vi høyre di meining.
Vi vil halde møte, anten digitalt eller fysisk, i høyringsfasen. Høyringsperioden blir 2-3 månader og det aktuelle tidsrommet blir fastsett i løpet av hausten når arbeidet skrid fram. Høyringa blir kunngjort i lokalaviser på staden, på heimesida til Fylkesmannen og til alle som var involverte i oppstartsfasen.
Honningsvågen, Stad. Sjå kart for framlegg til avgrensing av verneområde. Foto: Maria Knagenhjelm, Fylkesmannen i Vestland.
Kontaktpersoner
Dokumenter
- Marint vern i Stad_høyringsframlegg til fagleg gjennomgang i Miljødirektoratet_samledokument
- Kart over Stad marine verneområde_framlegg
- Marint vern i Dalsfjorden - fagleg gjennomgang av Fylkesmannen sitt framlegg
- Marint vern i Dalsfjorden - fråsegn og møtereferat
- Marint vern i Stad_høyringsframlegg til fagleg gjennomgang i Miljødirektoratet_samledokument
- Kart over Dalsfjorden marine verneområde_ framlegg