Kartlegging av Sognefjorden viser høg geologisk og biologisk diversitet

en person på båt med eit undervassdrone i vinterlandskap
Til kartlegginga er det nytta undervassdrone med gps-sporing, slik at det er lett å lokalisere og kartfeste viktige funn. Forskarane nyttar video for å kunne artsbestemme det som blir observert via skjerm om bord på båten. Foto: Statsforvaltaren i Vestland v/ Maria Knagenhjelm.

Vi har fått kartlagt Sognefjorden og utarbeidd modellering av sårbart naturmangfald på fjordbotn. No er rapporten frå Havforskningsinstituttet tilgjengeleg. Kartlegginga er ledd i arbeidet med marint vern.

Publisert 05.02.2025

I arbeidet med den marine verneprosessen er det viktig å ha eit godt nok kunnskapsgrunnlag for å gjere vurderingar vidare framover. Å få ei oversikt og meir kunnskap om naturmangfaldet er såleis ein viktig grunnstein. 

Oppdraget til Havforskningsinstituttet 

Statsforvaltaren mottok 1,8 millionar kroner frå Miljødirektoratet for å kartlegge Sognefjorden i samband med den marine verneprosessen. Oppdraget vart utført av Havforskningsinstituttet. Oppdraget inkluderte også ei modellering av sannsynlege område der vi kan finne sårbart naturmangfald.

Hausten 2023 var Havforskningsinstituttet (HI) ute med båt og undervassdrone. Forskarane kartla Sognefjorden for viktig biologisk mangfald med både raudlista artar og sårbare naturtypar. Analysen inkluderer også data frå tidlegare kartleggingar, nokre av desse har ulike metodar, men video av havbotn er felles for desse kartleggingane. 

HI laga ein modell, basert på kartleggingsdata, for å kunne føreseie kor det kan vere viktig naturmangfald. Sidan det ikkje er mogeleg å kartleggje kvar meter av fjorden vil det vere nyttig å ha ein modell på kor artar sannsynlegvis har sine leveområde. HI kartla også ankringsområde i fjorden.

person ser på video av sjøbotn med pc framfor seg
Mens undervassdrona symjar framover langs sjøbotn sit marinbiologen i båten og følgjer nøye med. Ho registrerar artane som som kjem forbi på skjermen. I bakgrunnen sit droneoperatøren. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Korleis kartlegge fjordbotn?

Ein person står på dekk for å få drona trygt i sjøen og opp att, ein person sit i eit kontrollrom og styrer fart og vinkel på drona ned til botn og langs botn, mens havforskaren noterer observasjonane undervegs. Opptaket blir også gått gjennom i ettertid for å sjekke at alle observasjonar er registrert i loggen. Når rapporten omtalar ein "stasjon" er det eit transekt, ei linje, der undervassdrona har køyrt. Ein stasjon er såleis eit område der det er samla videomateriale av fjordbotn. Sjå rapporten for start- og stopp-posisjonar for ROV-transektene. 

Feltarbeidet vart gjennomført 1. til 5. oktober og 25. november til 2. desember 2023. Etter dette jobba Havforskningsinstituttet med å ferdigstille rapporten. Vi mottok den endelege rapporten med modelleringane no rundt årsskiftet.

Kartlegging av Sognefjorden viser høg geologisk og biologisk diversitet

Kartlegginga av fjorden vart utført ved hjelp av ei undervassdrone (ROV) som logga djupne, posisjon, dato og tidspunkt med video og bilete. ROV'en i 2023 dekka 57 stasjonar frå dei indre delane av fjorden og ut forbi terskelen, med djupner frå 30 meter til 650 meter. Også dei 25 ankringsområda vart undersøkt med video på djupner mellom 10-100 meter. Data til analysen vart henta inn frå fire tidligare kartleggingsarbeid. Inkluderinga av desse fire datasetta utvida også undersøkingsintervallet ved å dekke djup mellom 650 og 1300 meter, og som ikkje vart dekt under kartlegginga hausten 2023. 

Kartlegginga av Sognefjorden har avdekt ein høg geologisk og biologisk diversitet. Sognefjorden skil seg frå andre djupe fjordar med å ha noko lågare tettleik og biomasse. Dette kan vere knytt til større botndjup og lågare tilgang til mat for fastsitjande filtrerande organismar. 

Studiet har funne høge tal av artar som anten står på raudlista eller er med på å skapa sårbare og verdifulle naturtypar. Fem slike naturtypar vart identifisert:

  • Sjøfjærbotn: Funne på 10 stasjonar med varierande tettleik, både på djupt og grunt vatn. Dei vanlegaste artane er Kophobelemnon stelliferum og Funiculina quadrangularis.
  • Svamphage: Funne på 9 stasjonar, hovudsakleg på hardbotn mellom 200 og 600 meters djup. Bygde av vifteforma svampar frå slektene Phakellia og Axinella.
  • Hardbotnskorallskog: Observert på éin stasjon nær terskelen, assosiert med loddrette fjellveggar. Bygde av hornkorallar som sjøtre (Paragorgia arborea), dvergsjøtre (Anthothela grandiflora) og risengrynskorall (Primnoa resedaeformis).
  • Cerianthidebotn (Sylindersjørosebotn): Observert på 8 stasjonar på mudderbotn i dei sentrale og indre delane av fjorden.
  • Reirskjel på fjell: Observert med høg tettleik på 8 stasjonar, flekkvis på bratte fjellveggar i dei midtre og ytre delane av fjorden.
to bilete ved sidan av kvarandre av kvite og raude korallar
Hardbotnskorallskog står på den norske raudlista for naturtypar. Denne naturtypen er registrert i Sognefjorden, og oppstår gjerne på straumrike område med hard botn. Arten på biletet er Paragorgia arborea og den bidreg til å danne leveområde for fisk, krepsdyr og slangestjerner. Foto: Skjermklypp frå HI-rapporten, med bilete frå Mareano-prosjektet.

Kartlegginga registrerte fire raudlista korallartar: dvergsjøtre, sjøtre, bambuskorall (Isidella lofotensis) og kjøttkorall (Anthomastus grandiflorus). Kjøttkorallen er mest vanleg og vart observert på 15 forskjellige plassar, nokre gonger med svært høg tettleik. Terskelområdet er eit "hotspot" for raudlista artar, men nokre artar er òg observert lenger inn i fjorden.

Stor variasjon i korleis ankringsområda var påverka

Undersøkinga som Havforskningsinstituttet gjennomførte av Sognefjorden inkluderte 28 ankringsområde. To stasjonar, Nærøyfjorden og Flåm, skilte seg ut med teikn på påverknad frå ankringsaktivitet. I Nærøyfjorden vart det observert bakteriematter og høg tettleik av den opportunistiske fleirbørstemarken Oxydromus flexuosus, men lite anna fauna. I Flåm var havbotnen prega av pløyemerke frå ankring.

Modellering av naturtypar

Studien brukte Random Forest-modellar for å predikere utbreiinga av sårbare naturtypar over heile fjorden. Modellane indikerer sannsynlege område for svamphage, sjøfjærbotn, cerianthidebotn og korallførekomstar. Det er viktig å merke at modellane er estimat og at dei identifiserte områda bør undersøkast nærare. Studien peikar på at mangelen på heildekkande kart over botntype bidreg til usikkerheit i prediksjonane.

bilete av eit kart med prikkar og fargar
Med modelleringa frå Havforskningsinstituttet kan ein sjå sannsynleg utbreiing av til dømes korallar. Dei lilla fargenyansane viser modelleringa av korall, prikkane syner registrering av artar frå feltarbeid. Informasjonen er tilgjengeleg på fylkesatlas under kartlag Natur - Naturtyper - HI rapport Sognefjorden (modellert). Foto: Fylkesatlas.

Kva har vore kartlagt tidlegare? 

Tidlegare i verneprosessen har vi også kartlagt nokre utvalde grunne område, då med enklare utstyr ned mot 80 meter. Områda vart prioritert etter dialog med fagfolk på Høgskulen på Vestlandet, og feltarbeidet vart gjennomført av Rådgivende Biologer i oktober 2022. Desse områda vart kartlagt: 

  • Amlabukti
  • Esefjorden
  • Terskel ved Fimreite – Norane
  • Området Hagelin til Loftesnesbrua og terskelen til Barsnesfjorden
  • Terskel mellom Bakka og ytre Nærøyfjord
  • Otternes- og Fretheimsgrunna ved Flåm
  • Årøy elvedelta

Kartlegginga gav oss ny kunnskap om naturtypar på grunne område langs fjorden som sjøfjærbotn og ålegraseng. Den nye kunnskapen er tilgjengeleg på offisielle kart. Les meir om kartlegginga på desse grunne områda ved å følgje denne lenkja.

undervassbilete av marine artar på sjøbotn
Koralldyret daudmannshand, eller dødmannshånd, har fått namnet sitt frå den karakteristiske utsjånaden sin. Denne arten vart funnen på grunne område i Sognefjorden hausten 2022, som her under Loftesnesbrui i Sogndal. Daudmannshand er eit koralldyr og treng lys for å leve. Den er ikkje vanleg på djupare område enn 50 meter under overflata. Den filtrerer sjøvatn gjennom polyppane sine for å få tak i plankton. Foto: Rådgivende biologer.

NIVA-rapport viser minkande oksygeninnhald i Sognefjorden

Den ferske rapporten "Vurdering av oksygentrender i norske farvann" frå NIVA, bestilt av Miljødirektoratet, undersøker nedgongen i oksygennivået i norske fjordar, spesielt sør for Trondheim. Rapporten vurderer oksygentrendar i norske farvatn, med særleg fokus på Sognefjorden. Data frå norske fjordar sør for Trondheim viser at oksygenkonsentrasjonane har sokke mange stader. I Sognefjorden er det registrert ein nedgang i oksygenkonsentrasjonen på 0.5-1.0 ml/L i perioden 1970-2020 på 1000 meters djup. Rapporten ser på årsakene til denne nedgangen, og viser at auka tilførsel av næringssalt og organiske stoff spelar ei rolle, saman med stigande havtemperatur.

Modellering av oksygenforholda i Sognefjorden viser at om lag to tredjedelar av nedgangen i oksygenkonsentrasjonen kan tilskrivast auka tilførsel, og den siste tredjedelen til auka havtemperatur. Tilførselen til Sognefjorden innanfor terskelen ved Losna har auka med ein faktor på 1.5 for nitrogen og 3.4 for fosfor sidan 1990-talet. Rapporten konkluderer med at den auka havtemperaturen langs heile norskekysten gjer at fjordane er meir sårbare for tilførsel av næringssalter og organiske stoff. Du finn rapporten frå NIVA til høgre i denne artikkelen. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.