– Det er to fantastisk flotte og populære område, og forhåpentlegvis vil desse strategiane vise seg å vere dei framtidsretta dokumenta vi treng for å balansere omsyn til naturen, besøkande og lokal verdiskaping på ein god måte, seier styreleiar i Stølsheimen verneområdestyre Sigbjørn Hauge.
Begge strategiane har ein omfattande tiltaksplan, og mellom tiltaka i strategiane er tilrettelegging og vedlikehald av ei lang rekke stiar og besøksmål, utvikling av nettside, tiltak for å styre trafikk på fjordane og ein tett dialog med reiselivet.
Til høgre finn du lenker til dei nye besøksstrategiane.
Forvalting av verneområda
Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Fylkesmannen er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret, og det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Både Nærøyfjorden landskapsvernområde og Stølsheimen landskapsvernområde har eigne verneområdestyre som forvaltar områda.