Den viktige kantvegetasjonen langs vassdraga våre

Mellom land  og vatn ligg kantvegetasjonen. Rik natur med stor verdi og eit særskilt vern.
Mellom land og vatn ligg kantvegetasjonen. Rik natur med stor verdi og eit særskilt vern. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Gry Walle.

Kantvegetasjonen langs vassdrag er av stor verdi, og har mange viktige funksjonar for både natur og folk. Det er difor ikkje lov å fjerne kantvegetasjon utan løyve frå Statsforvaltaren. 

Publisert 07.03.2023

Langs alle vassdrag med årssikker vassføring skal det oppretthaldast eit naturleg belte av kantvegetasjon, jf. vassressurslova § 11. Så kva er kantvegetasjon? Og kvifor er den så viktig? 

Langs vassdrag kan tettleiken av fuglar i kantvegetasjonen vere like stor som i ein tropisk regnskog, særleg der det er snakk om kantskog med litt breidde. Raudvengetrost, som den på biletet, legg gjerne reiret i låge busker.
Langs vassdrag kan tettleiken av fuglar i kantvegetasjonen vere like stor som i ein tropisk regnskog, særleg der det er snakk om kantskog med litt breidde. Raudvengetrost, som den på biletet, legg gjerne reiret i låge busker. Foto: Tore Larsen.

Naturleg vegetasjonsbelte

Langs alle bekkar, elver, innsjøar og små vatn vil det alltid vekse eit belte av skog/busker/urter/gras. Kva artar som veks der, er avhengig av kvar i landet du er. På fjellet er vegetasjonen kanskje sparsom, medan kantvegetasjonen i låglandet kan vere tett som i ein jungel. 

Kantvegetasjon har mange funksjonar

Kantvegetasjon er leveområde til mange dyr og planter, og er ein viktig del av næringsgrunnlaget for mange artar. Vegetasjonen langs vassdraga fungerer òg som vandrings- og spreiingskorridor for fleire artar av insekt, fugl og hjortedyr.

Kantvegetasjon bidreg med skjul og skugge i og langs vassdrag. Noko som er viktig for til dømes akvatiske organismar som elvemusling og fisk. I små bekkar kan soloppvarminga vere betydeleg. For høg vasstemperatur kan få negativ verknad på vekst, utvikling og overleving av larver, og yngel av fisk.

Kantvegetasjon bidrar til å fange opp næringssalt og kan redusere avrenning til vassdrag. Den kan redusere erosjon langs elve- og innsjøbreidder. Røter av tre og busker bind og held på jorda, og eit breitt belte av kantvegetasjon kan redusere skader ved flaum. Blant anna ved at mindre vatn når inn på dyrka mark eller inn til busetnad. 

Og kantvegetasjon er eit landskapselement og ein grønn korridor for rekreasjon. 

Funksjonen til kantvegetasjonen kan vere ulik for innsjø og rennande vatn. I rennande vatn er til dømes mykje av næringsgrunnlaget basert på kantvegetasjon og nedfall frå denne. Medan det ikkje er avgjerande for innsjø.

Dei første åra av livet lever elvemuslingen nedgravd i grusen. Blir grusen dei lev i tetta av partiklar, til dømes som følgje av avrenning frå tiltak i nedbørsfeltet, kan dei dø av oksygenmangel. Ein av funksjonane til kantvegetasjon er å redusere slik avrenning.  Vaksen elvemusling, som her, kan rense opp til 50 liter vatn per døgn.
Dei første åra av livet lever elvemuslingen nedgravd i grusen. Blir grusen dei lev i tetta av partiklar, til dømes som følgje av avrenning frå tiltak i nedbørsfeltet, kan dei dø av oksygenmangel. Ein av funksjonane til kantvegetasjon er å redusere slik avrenning. Vaksen elvemusling, som her, kan rense opp til 50 liter vatn per døgn. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.

Kven er ansvarleg for kva?

  • Grunneigar er ansvarleg for å oppretthalde kantvegetasjonen.
  • Kommunen skal ivareta kantvegetasjonen i planlegginga etter plan- og bygningslova, fastsette breidda på kantvegetasjonen om nokon krev det etter vassressurslova, og ivareta kantvegetasjon i handsaming av saker etter nydyrkingsforskrifta. 
  • Statsforvaltaren kan i særlege tilfeller gje løyve til å fråvike kravet om å oppretthalde kantvegetasjon. Som regel er det då snakk om løyve til mellombels fjerning, med vilkår om reetablering av kantvegetasjonen etterpå.
  • NVE følgjer opp brot på vassressurslova § 11 om kantvegetasjon. Og har verkemiddel som pålegg om retting, tvangsmulkt, overtredelsesgebyr og stans av ulovleg verksemd. 

Breidda på kantvegetasjonsbeltet

Kor brei kantvegetasjonsbeltet skal vere, er avhengig av vassdrag, topografi osv. Den skal vere så brei at alle naturlege funksjonar vert opprettheldne. Då seier det seg sjølv av kantvegetasjonen må ha ei viss breidde. Til dømes vil flaummarkskog med ei breidde på 10 meter ta opp meir enn 3/4 av avrenning frå terrenget, og kan redusere forureining til vassdrag.

Kommunen kan fastsette breidda på kantvegetasjonsbeltet langs eit vassdrag i plan. Ein kommune kan aldri sette breidda på kantvegetasjon lik null meter. Det er berre Statsforvaltaren som kan frita frå kravet om å oppretthalde kantvegetasjon. 

Mange insekt har livsstadier både i vatn og på land, som denne praktsivbukken. Ein rik kantvegetasjon er viktig for mange insekt, som igjen er ei viktig matkjelde for fugl og fisk.
Mange insekt har livsstadier både i vatn og på land, som denne praktsivbukken. Ein rik kantvegetasjon er viktig for mange insekt, som igjen er ei viktig matkjelde for fugl og fisk. Foto: Tore Larsen.

Skjøtsel

Det er ikkje det enkelte treet i kantvegetasjonen som er verna, men funksjonen. Kantvegetasjon kan både haustast og skjøttast gjennom selektiv hogst. Så lenge uttaket ikkje reduserer funksjonane kantvegetasjonen er meint å oppretthalde, er ikkje tiltaket søknadspliktig. Ein god tommelfingerregel ved skjøtsel, er at ein ikkje kan sjå etterpå at det har vore gjennomført hogst. 

Søknadsskjema

Når du skal søkje om å fjerne kantvegetasjon, kan du bruke skjema som det er lenkja til i denne saka. Søknaden kan sendast til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger eller til sfvlpost@statsforvalteren.no

Kantvegetasjon er viktig for fisk av alle storleikar. Vegetasjonen er ei  kjelde til mat, skugge og som denne hannlaksen viser: skjul. Mangel på kantvegetasjon kan redusere fiskeproduksjonen  i eit vassdrag.
Kantvegetasjon er viktig for fisk av alle storleikar. Vegetasjonen er ei kjelde til mat, skugge og som denne hannlaksen viser: skjul. Mangel på kantvegetasjon kan redusere fiskeproduksjonen i eit vassdrag. Foto: Tore Wiers, Norce LFI.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.