Søknad om erstatning for rovviltskade i 2019
No kan du sende inn søknad om erstatning for rovviltskade på sau for beitesesongen 2019. Frist for søknad er 1. november.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det er obligatorisk å sende inn søknaden i det elektroniske søknadssenteret til Miljødirektoratet. Dette finn du her: Søknadssenteret. Du kan og gå inn på Miljødirektoratet si heimeside og finne søknadsskjemaet der. Pålogging skjer via ID-porten. Dersom du ikkje har tilgang til eiga datamaskin, eller har problem med å levere søknaden elektronisk, kan du kontakte kommunen for å få hjelp. Får du problem med sjølve innlogginga kan du ta kontakt med Miljødirektoratet på telefon 951 23 500 eller e-post: esshjelp@miljodir.no .
Søknader som kjem inn etter fristen, utan etter avtale med Fylkesmannen, vil bli avvist.
Dei som søkjer må ha individlister som vedlegg til søknaden. Listene skal minimum innehalde alle individnummer i besetninga, kopling mellom mor og lam, dødsårsaker og helse/sjukdomsinformasjon. Vi oppmodar søkjarane til å scanne individlistene og laste dei opp i søknaden. Vedlegg kan og sendast på e-post eller post til Fylkesmannen.
Ta gjerne kontakt med Fylkesmannen om du har spørsmål til utfylling av søknaden m.v.
Det blir utbetalt erstatning for husdyr som Statens naturoppsyn har undersøkt og konkludert med at det er dokumentert eller truleg drepe av freda rovvilt. Når det ikkje er funne kadaver eller dødsårsak er ukjent, kan det betalast ut erstatning etter ei skjønsvurdering. Søknader frå område utan dokumentert bestand av freda rovvilt og/eller utan dokumentert eller sannsynleg skade vil normalt få avslag.