Auka tilskot til kommunedelplanar for naturmangfald
Det er sett av 50 millionar kroner til kommunar som vil lage eller oppdatere kommundelplan for naturmangfald - eller betre tilstanden i naturen. Søknadsfrist er 11. februar
Kommunar kan søke om midlar til tiltak som tar vare på naturmangfaldet. I Stortingsmeldinga Natur for Livet (Meld. St. 14 (2015 - 2016)) er kommunedelplanar for naturmangfald peikt på som viktige verkemiddel for å synleggjøre naturmangfoldverdiane i kommunalt planarbeid.
I statsbudsjettet som blei vedtatt like før jul, blei det sett av 50 millionar kroner som skal brukast til "tilskot til tiltak og planlegging for natur i kommunane". Basert på dette har Miljødirektoratet no justert si tilskotsordning for å ivareta naturmangfald i kommuneplanlegginga:
- Det vil no vere mogleg å søke tilskot både til 1) å lage ein eigen kommunedelplan for naturmangfald, 2) å revidere ein tidlegare vedtatt naturmangfaldplan (inkludert å oppdatere kunnskapsgrunnlaget om naturmangfold) og 3) å gå gjennom eldre arealplanar og vurdere desse i tråd med oppdatert kunnskap om naturverdiar ("planrevisjon").
Det kan være aktuelt å auke tilskotet til kvar kommune som ønskjer å lage sin eigen kommunedelplan for naturmangfold. - Det vil seinare kome ei tilskotsordning der kommunar kan søke om tilskot til tiltak som betrar tilstanden i naturen. Denne vil bli utarbeidd parallelt med ei tilskotsordning for naturrestaurering som allereie er under arbeid, og er truleg klar utpå våren.
Når det gjeld det første punktet er fristen i 2024 sett til 11. februar. Du kan lese meir om ordninga på nettsidene til Miljødirektoratet: Økt tilskudd til kommuner for å ivareta naturmangfold
Der finn du også lenke til omtale av ordninga i Elektronisk Søknadssenter, og innlogging til søknadssenteret.