Strandrydding og sårbare fuglar
Snart er det vårdugnad og strandrydding, og for fugle- og dyrelivet er det viktig at naturen er mest mogleg fri for plast. Hugs likevel at mange fuglar er sårbare for forstyrring i hekketida.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Tid for strandrydding!
Det er om våren og sommaren folk flest er ute for å rydde plast, i tillegg er det nok då det er mest triveleg å gjere slikt arbeid. Mange arrangerer ryddedugnader, og dugnadsvilja er stor langs kysten vår. Denne ryddeperioden fell ofte saman med hekketida til fuglane langs kysten.
Vi vil med dette prøve å rettleie om kva ein bør tenkje på, slik at både folk, strender og fuglar blir teke godt vare på.
Sjekk gjerne på førehand om du skal inn i eit verneområde. Her kan du lett sjå på kartet om det er eit verneområde og om det er spesielle ferdselsreglar der du har tenkt å rydde.
Måse, tjeld og terne seier i frå når du kjem for nær
Der det hekkar måsar, terner eller tjeld ved stranda, vil desse normalt seie tydeleg frå når ein nærmar seg reiret. Måser og terner kan gå til skinnangrep for å forsvare egg og unger, mens tjelden nøyer seg med å varsle høglytt. I slike område bør ein utsetje plastryddinga til hekketida er over. Om du står midt inne i ein slik situasjon er det beste å trekkje seg raskt unna, slik at fuglane kan gjenoppta ruginga.
Vi vil i denne samanhengen vise til § 15 i naturmangfaldlova:
Unødig skade og lidelse på viltlevende dyr og deres reis, bo eller hi skal unngås.
Andre vil berre ligge i ro eller flykte på lang avstand
Andre fuglar i strandkanten lever meir skjult. Desse smyg seg gjerne av garde på lang avstand, og om du blir verande på staden kan det gå gale med egg eller ungar. Desse kan ikkje regulere kroppstemperaturen sjølve, så utan foreldra til å varme dei i kjølege periodar eller til å skugge for dei i sola døyr dei.
Tidleg i hekketida (egglegging og første del av rugetida) vil mange fuglar dessutan gi opp hekkinga og forlate reiret om dei vert forstyrra. Seinare i hekketida gir dei ikkje opp så lett, men uansett stadium må ein vere merksam på at det er talrike eggrøvarar som ser sitt snitt til å forsyne seg når rugefuglane er skremt av reiret.
Rydd gjerne før 15. april eller etter 15. juli
Strandrydding bør planleggjast utanfor perioden frå 15. april til midt i juli i område der det er hekkande fuglar. Dei fleste sjøfuglane på Vestlandet har lenge vore i sterk tilbakegang. Hekkebestandane av dei fleste artar er reduserte med 50 - 70 prosent etter hundreårsskiftet, nokre artar med 90 prosent. Dei bør difor ikkje utsetjast for ytterlegare påkjenningar i hekketida.
Den sårbare ærfuglen
Ein av dei mest sårbare artane på kysten vår er truleg ærfuglen. Den hekkar spreidd med nokre få reir på mange holmar i skjergarden, og og ein stor del av bestanden hekkar utanfor naturreservat eller andre verneområde. Reiret ligg ofte under ein brakebusk eller i ei tue med lyng.
Ei ærfuglhoe ligg meir eller mindre kontinuerleg på reiret i fire veker, og forlet det berre i korte periodar for å drikke. Mot slutten av rugeperioden er ho ofte sterkt svekka, og bør ikkje bli uroa. Ærfuglhoa er godt kamuflert, men det er ikkje egga. Om ho blir forstyrra blir egga derfor dekte med dun frå reirkanten før ho smyg seg vekk, men om du kjem brått på rekk ho ikkje det. Skrem du ein ærfugl brått av reiret, så dekk raskt til egga med dun og forlat området.
Sjekkliste for strandrydding
- Ein handlepose med marint avfall kan leverast med restavfallet.
- Større mengder bør du ha ein plan for. Snakk med ditt næraste renovasjonsselskap.
- Ta kontakt med ditt lokale friluftsråd for nyttig informasjon om rydding, og for å få tilgang til ryddesekkar, eller sjekk kartet på ryddenorge.no. Det kan vera andre stader ein kan få utlevert utstyr til rydding.
- Hugs å registrere områda som vert rydda på ryddenorge.no, men òg om de kjem over område som bør ryddast.
- Ta omsyn til eigen tryggleik.
- La hunden vere heime.
- Ta omsyn til hekkande fuglar, og unngå ryddig i område med sårbart fugleliv mellom 15. april og 15. juli.
- Takk for innsatsen med å ta vare på naturen!
God tur!
Kontaktpersoner
-
Stein Byrkjeland
Tlf: 55 57 21 14 / 90 09 36 15 -
Tore Larsen
Tlf: 57 64 31 26 / 90 84 69 42 -
Julie Marie Andersen
Tlf: 55 57 23 55