Sterk tilbakegang for ærfuglen i Vestland
Ærfuglen har status som sårbar på den norske raudlista over truga artar. Det er det god grunn til. Bestanden i Vestland er redusert med 75 prosent dei siste 20 åra.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kvart år registrerer vi hekkebestanden av ærfugl i eit stort overvakingsområde i Hordaland. Registreringa utfører vi i samarbeid med Norsk Institutt for Naturforskning (NINA) og Statens naturoppsyn (SNO).
Området vi overvaker femner om skjergarden i heile Askøy kommune, store delar av Øygarden kommune, fjordane kring Osterøy og eit kystavsnitt i Bjørnafjorden kommune.
Rekordåret 2004 talde vi 2641 vaksne hannar i området, det var det beste året i løpet av heile overvakingsperioden. Ved teljinga i 2022 var dette talet nede i 696. Så lite har vi aldri registrert før.
Lite mat på bordet gjer overlevinga tøffare
Særleg det siste tiåret har bestanden vore langt lågare enn tidlegare. Sannsynlegvis er trenden slik også for resten av fylket. Ein så sterk og vedvarende tilbakegang vil normalt ha samanheng med næringssvikt.
Blåskjel er ei viktig næring for ærfuglen, og vi veit at tilgangen på blåskjel har endra seg negativt mange stader. Vi kjenner ikkje årsakene til kvifor skjela sviktar.
Få ungar veks opp for å bringe bestanden vidare
Vi veit at rekrutteringa til ærfuglbestanden er ganske svak, noko den har vore sidan vi starta desse teljingane i år 2000. Vi kan skilje unge hannar (som vart fødde i fjor) frå eldre hannar på fjørdrakta. I år vart det berre registrert 55 slike fuglar som hadde greidd seg gjennom det første leveåret. Det vert fødd like mange ærfugl av begge kjønn, så om vi seier at overlevinga for desse er lik, har årskullet det siste året i undersøkingsområdet berre vore på 110 fuglar.
Det er sannsynleg at dødelegheita (avgangen) er større enn rekrutteringa, og med slike tal over tid vil bestanden gå fort nedover.
Fiskegarn tek ufrivillig livet av mange sjøfugl
Vedvarande næringssvikt er dramatisk for alle sjøfuglar, men ærfuglane er også utsett for andre negative faktorar. Serverforliset i 2007 gjorde ende på ein god del ærfugl. Den største tapsfaktoren er truleg utilsikta bifangst i fiskegarn.
Hannane vil skilje seg ut, hoene vil gå i eitt med terrenget
Særleg rugande hoer er utsett for predasjon frå mink og havørn. Hoene har ei brunspraglete fjærdrakt, slik at ho skal gå meir i eitt med vegetasjonen rundt seg. Slik prøver ho å være "usynleg" for omgjevnadane.
Ein del reir går truleg tapt ved at rugande hoer vert skremt av reiret av friluftsfolk og hundar. Ei ærfuglhoe ligg gjerne på reiret og rugar i 28 døger utan å gå av. Ho er temmeleg fysisk redusert etter så lang tid utan mat. Vert ho skremt av reiret under ruginga, er sjansen stor for at reiret blir skydd eller at egga vert tekne av kråke eller måse.
Kan vi klare å snu trenden på ny?
Ærfuglen vart totalfreda i Noreg i 1951, etter at bestanden vart sterkt pressa under krigen. Arten har ikkje vore jaktbar på Vestlandet etter det. Globalt er arten oppført som nær truga på raudlista.
Sjølv om tilbakegangen vi no ser kan verke urovekkande, treng det ikkje vere dramatisk på sikt. Ærfuglbestanden på Vestlandet har nemleg vore låg før, inntil den tok seg sterkt opp på 1990-talet. Kva som var årsakene til den framgangen kjenner vi ikkje.
Kontaktpersoner
-
Stein Byrkjeland
Tlf: 55 57 21 14 / 90 09 36 15 -
Olav Overvoll
Tlf: 55 57 23 15