Søk natur- og friluftsmidlar for vindkraftområde

folk går i ein vindkraftpark
Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

I revidert statsbudsjett har regjeringa føreslått ei ny tilskotsordning til natur og friluftsliv i område som er påverka av landbaserte vindkraftverk. Målet er å bidra til å ivareta og fremje natur og friluftsliv i kommunar som har av slike vindkraftverk. Søknadsfristen er 7. juni. 

Publisert 28.05.2024

Ordninga skal hjelpe til med å reetablere natur eller gi betre vilkår, og forbetre moglegheitene for friluftsliv i desse kommunane.

Midlane blir lyste ut med atterhald om at revidert nasjonalbudsjett blir vedteke som føreslått.

Kven kan søkje? 

Kommunar, kommunale eller interkommunale føretak, interkommunale friluftsråd og frivillige organisasjonar kan søkje om tilskot.

Tiltak som kan få støtte

Tiltak som kan få støtte kan vere å leggje til rette for naturmangfald eller friluftsliv tilsvarande det som er påverka av vindkraftverk eit anna sted i kommunen.

Tilskotsordninga kan også støtte tiltak som fremjar natur og friluftsliv som ikkje er direkte påverka av vindkraftverk. Innafor natur er naturmangfald av nasjonal og vesentleg regional interesse prioritert.

Det kan bli gitt støtte til tiltak for å ta vare på enkeltartar eller naturtypar og til å restaurere natur i kommunar som er råka av vindkraftverk. Tiltak som bidrar til å fremje eller reetablere samanhengande nettverk av naturområde med stor økologisk betydning for naturmangfald blir prioriterte.

Det kan også bli gitt støtte til å leggje om stiar eller lage nye stiar og ferdselsårer, tilrettelegging av adkomstsoner og andre mindre tilretteleggingstiltak som fremjar eit naturvennleg friluftsliv. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.