Ny temaside om framande artar i Vestland
Kva har ørekyt, mink, lupin og vestamerikansk hemlokk til felles? Jo, dei er framande artar i fylket vårt og har stor evne til å spreie seg. Når ein art opptrer utanfor sitt naturlege leveområde er han framand. Enkelte kan påverke økosystemet så mykje at heimfødingane tapar kampen om livets rett.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 01.03.2021
Framande artar er eit stort trugsmål mot naturmangfaldet i Noreg, og det krev stor innsats over lang tid for å kjempe i mot spreiinga. Vi lanserer ei eiga temaside for (mot!) framande artar, der du kan lese meir om dette viktige arbeidet.
Kontaktpersoner
-
Olav Overvoll
Tlf: 55 57 23 15