Beredskap mot fugleinfluensa i Vestland

Fugleinfluensa vart påvist også hos havsuler i 2023, og nokre få slike fuglar vart registrerte i Vestland. Men ikkje alle fuglar som oppfører seg litt «rart» er sjuke! Denne havsula låg tett innpå oppsynsbåten i Øygarden og makta ikkje fly av garde. Den hadde rett og slett spist ein så stor fisk at fuglen der og då var for tung til å lette! Foto: Terje Haugland.

Vi forventar ikkje store utbrot av fugleinfluensa i Vestland fylke i 2024, men mindre tilfelle av sjukdomen er ikkje usannsynleg. Kva skal du gjere om du finn fuglar som kan vere råka?

Publisert 24.06.2024

I 2023 var det et stort utbrot av fugleinfluensa i delar av Finnmark. Særleg hekkande krykkjer i nokre fuglefjell vart råka, og hendinga fekk stor merksemd i media. Situasjonen var spesielt alvorleg ettersom måsearten krykkje har status som «sterkt trua» på den norske raudlista over trua artar, som følgje av kraftig bestandsnedgang over mange år.

Lite sannsynleg med liknande utbrot i Vestland

Vi har ikkje mange hekkande krykkjer i Vestland. Ikkje har vi mange fuglefjell heller, og dei som finst er ikkje så store. Ein liknande situasjon som i Finnmark i fjor er ikkje sannsynleg hos oss, men at mindre tilfelle av fugleinfluensa hos ville fuglar kan oppstå også her er ikkje usannsynleg. Då vil styresmaktene gjerne at du rapporterer om moglege tilfelle.

Rapporter til Mattilsynet om sjuke eller daude fuglar

Det er Mattilsynet som er den sentrale styresmakta i slike saker, også når det gjeld ville fuglar og andre viltartar. Kjem du over ein sjuk eller daud fugl i naturen som du meiner kan ha fugleinfluensa, kan du rapportere dette til www.mattilsynet.no. På Mattilsynet sine nettsider finn du også god rettleiing om kva du sjølv bør gjere i slike situasjonar, utover å rapportere funnet. Ofte er det beste å la naturen gå sin gang og ikkje gjere noko med ein daud fugl, men dreier det seg om fleire fuglar i eit av grensa område bør ein gjere tiltak for å hindre at smitta spreier seg. Men det må gjerast på trygt og forsvarleg vis.

Naturen har ei eiga evne til å handtere sjukdomar

Det er greitt å vere klar over at naturen er «full» av ulike sjukdomar, og at det difor ikkje er unormalt å kome over daude fuglar eller andre dyr i terrenget. Naturen har sine måtar å ordne opp i slikt på, utan at vi menneske treng å engasjere oss. Difor kan det godt hende at det ikkje vert konkret reaksjon om du tipsar om eit mogleg tilfelle, men rapporten vert uansett vurdert og registrert og sett i samanheng med andre rapportar. Slik kan ein vere budd på tiltak i ein tidleg fase om eit større utbrot skulle vere under oppbygging.

Fleire instansar vil bli involvert ved eit større utbrot

Om eit større utbrot skulle inntreffe, vil både statsforvaltar og aktuelle kommunar bli involverte i naudsynte tiltak. Det er som elles statsforvaltar, fylkeskommune og kommunar som er forvaltningsinstans for viltlevande artar på land og i ferskvatn. Mattilsynet har ansvar for dyrevelferdslova. Dyrevelferd er sentralt ved utbrot av fugleinfluensa.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.