Ny kunnskap om regnskog
Ny forsking og erfaringar om inngrep i nærleiken av regnskog tyder på at den truga skogtypen er betydeleg meir sårbar enn kva vi tidlegare har trudd.
Det gjer at ein både i arealplanlegginga etter plan- og bygningslova og ved skogbrukstiltak, må ta eit særleg omsyn ved planlegging og gjennomføring av tiltak.
Inngrep innafor ei buffersone på 150 meter frå regnskoglokalitetar, vil føre til stor risiko for alvorleg skade på viktig naturmangfald. Dette temaet vart også presentert under naturmangfaldveka 2025.
Grøn regnskoglav vert brun
Under synfaring hausten 2025 saman med Alexander Nilsson frå Biofokus, og Michal Westfal frå Bjørnafjorden landbrukskontor, fekk representantar frå Statsforvaltaren sjå og drøfta utfordringar kring særleg viktige regnskoglokalitetar på Tysnes.
Der fekk vi sjølv sjå korleis sjeldan og grøn regnskogslav på Tysnes hadde ein brunsvart misfarging på grunn av auka solinnstråling og utlufting av det den fuktige lufta i regnskogen. Hogst førte til endring av lokalklimaet i regnskogslokaliteten.
![Effektar av hogst: Uttørking grunna sol og vind. Foto: Magnus Johan Steinsvåg. Eit bilete som inneheld ute, plante, tre, skogområde](/contentassets/80e291606f7841d7916e64d97be9988f/20241009__dsc5858.jpg)
Ny kunnskap og erfaringar
Nilsson frå Biofokus har undersøkt status og tilstand for tidlegare registrert trua regnskogslav i Vestland. Det er i samband med dette arbeidet at han observerte hogst i nærleiken av regnskogslokalitet på Tysnes.
Det er til no ikkje gjort forsking på dette temaet i Noreg, men i British Colombia har norske forskarar dokumentert skadelege effektar av hogst på regnskogslav inntil 120 meter frå hogstfelt. Resultata har ein overføringsverdi til norske tilhøve og må, inntil ny kunnskap vert tilgjengeleg, leggast til grunn for at det må takast betre omsyn i både arealforvalting og ved hogst i Noreg .
Nilsson har også rekartlagt førekomstar av regnskogslavane granfiltlav (sterkt trua ) og trønderlav (kritisk trua) i boreal regnskog i Trøndelag. Resultata viser at dei er sterkt prega av hogstaktivitet ved at det er for liten stabilitet i luftfukt som fylgje av hogst i nærområda. Mest truleg er trønderlaven no utrydda frå Trøndelag (Nilsson pers med). Nilsson vil publisere resultat frå feltarbeidet i Vestland og Trøndelag i løpet av vinteren 2025.
Sjå kart over regnskogslokalitetar og buffersoner til desse på Fylkesatlas. Kartutsnitt direkte nedst i nettsaka, og lenke på høgre side.
Aktsemdsone på 150 meter
Med bakgrunn i resultat frå forsking på feltet til no, og erfaringar knytt til kor sårbare regnskogslokalitetane er overfor endra lokalklima, ønskjer vi at alle aktørar innan arealforvalting og skogbruk, som føre-var-prinsipp, nyttar buffersone på 150 meter som aktsemdsone.
Vi vurderer at inngrep innafor buffersone på 150 meter frå regnskogslokalitet, kan innebere stor risiko for betydeleg og alvorleg irreversibel skade på regnskogslokalitet og trua artar som har tilhald der jf. naturmangfaldlova § 9.
Ein må ta i bruk denne oppdaterte informasjonen både i pågåande og nye arealplanprosessar når konsekvensar av planframlegga skal utgreiast.
Eventuell hogst innafor aktsemdssona må planleggast i samråd med biolog med særleg kompetanse på regnskog i god tid før gjennomføring. Dette er nødvendig for at ein skal vere tilstrekkeleg trygg på at hogst ikkje får alvorlege følgjer for regnskogsførekomstar og dermed nasjonale miljøverdiar.
Samarbeid avgjerande
Statsforvaltaren vil legge til rette for meir forsking på effektar av inngrep på vest-norsk regnskog, og oppdatere relevant informasjon om dette så snart ny informasjon ligg føre.
Vidare er ein avhengig både av ekspertise innan artsmangfald i regnskog og ikkje minst hogstteknikkar og skogbruksplanlegging.
Referanse:
Y. Gauslaa1, P. Bartemucci, and K.A. Solhaug, 2018. Forest edge-induced damage of cephalo- and cyanolichens in Northern 2 temperate rainforests of British Columbia. Canadian Journal of Forest Research. Volume 49, nr 5. May 2019.
Tegnfoklaring til kart:
Raude figurar viser regnskog frå Miljødirektoratets instruks kartlegging. Oransje figuarar viser regnskog frå DN handbok 13 kartlegging. Blå figurar er 150 meter buffersoner.