Nettseminar om skutertaxi (leigekøyring)
Alle kommunar i Noreg er invitert til eit nettseminar om skutertaxi, eller leigekøyring, som det også vert kalt. Seminaret finn stad tysdag 18. juni kl. 12.00–14.00 og passar for administrasjon og politikarar som vurderer søknader om motorferdsel i utmark.
Mange kommunar i Noreg har allereie etablert leiekjøring og har verdifull erfaring med dette. Nettseminaret har invitert kommunane Vinje, Skjåk og Østre Slidre, som vil dele sine erfaringar og fortelje om praksis i arbeidskvardagen.
Kurset er aktuelt for kommunar som ikkje har etablert leiekjøring, samt for kommunar med lite eller som ønskjer å utveksle fleire erfaringar. Vi trur at mange kommunar vil kunne ha stort utbyte av av nettseminaret.
Dette er det første av i alt fem kurs som er planlagt for 2024. Det neste kurset kjem allereie 26. juni. Arrangementet blir teke opp.
Kurs for hausten er under planlegging. Det er Statsforvalteren i Troms og Finnmark som arrangerer nettseminaret.
Velkomen!