Invitasjon til nettbaserte kurs om motorferdsel i utmark

Statsforvaltaren i Troms og Finnmark arrangerer kurs for alle kommunane i Norge. Tema er klagesaks- og rettsavgjerder frå dei siste åra for motorisert ferdsel på vinterføre og på barmark.

Publisert 05.03.2025
Kvinne som køyrer ATV på ein skogsveg
Statsforvaltaren i Troms og Finnmark inviterer til kurs om motorisert ferdsel på vinterføre og barmark. Foto: Øistein Aasland / Statsforvaltaren i Vestland.

Kursa passar for administrasjon og politikarar som vurderer saker om motorferdsel i utmark. I begge kursa vert det gjennomgått konkrete døme som illustrerer korleis regelverket skal tolkast. Vi trur mange kommunar vil kunne ha stort utbyte av dette. 

Seminar om motorferdsel på vinterføre

Tidspunkt: onsdag 26. mars 2025 kl. 12.00–13.00.

For meir informasjon om kurset for motorferdsel på vinterføre og for påmelding, trykk her.

Seminar om motorferdsel på barmark

Tidspunkt: onsdag 2. april 2025 kl. 12.00-13.30.

For meir infomasjon om kurs om motorferdsel på barmark og for påmelding, trykk her.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.