Skredsikring Rv. 13 Odda- endra løyve til anleggsarbeid - Nye Veier AS

Modell av vegtiltaket som syner utforming av dei to skredløpa (Multiconsult)

Statsforvaltaren i Vestland endra 27. mars 2025 løyvet etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø knytt til rassikring Rv. 13 nord for Odda i Ullensvang kommune. Løyvet er gitt til Nye Veier AS. 

Publisert 28.03.2025

Endringa består i at tre skredløp/rasrenner skal utformast slik at ras ikkje går på vegen og stenger den. To av desse skredløpa, skredløp nord og skredløp midt, krev tiltak i sjøen. For å gi plass til framtidige rasmassar må det gravast i eksisterande sjøbotn for å gjere den djupare.

Informasjon

Søknad om løyve  og løyvet med vilkår ligg på  til høgre på denne sida. I løyvet er det referanser til andre dokument/rapportar. 

Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan tre veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2023/7147.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.