Kunngjering - Endring av løyve for utfylling av massar i Store Lungegårdsvann
Fylkesmannen endra 2. juli 2020 Bybanen Utbygging sitt løyve for anleggsarbeid i Store Lungegårdsvann. Lovleg mengd utfyllingsmassar vart auka med 330 000 m3, til 1 640 000 m3.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Endringa kjem som følgje av at Bergen kommune sin reguleringsplan for Store Lungegårdsvann vart vedteken i Bystyret 25. juni 2020. I reguleringsplanen er arealbruken endra der kommunen skal etablere bystrand og auke parkarealet. Endringa fører til auka behov for massar, som kan leverast frå arbeidet med Bybanen sine tunellar. Vi meiner at endringa ikkje fører til auka risiko for forureining.
Bybanen sin søknad og vårt vedtak ligg i margen til høgre.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Fylkesmannen, som kan gjere om vedtaket eller sender klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret som står i saksdokumenta.
Kontaktpersoner
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35