Kunngjering løyve til utfylling i sjø - Nøstet Bergen for Nøstet Sjøfront AS og Nøstegaten 72-74 AS

Oversiktskart som viser tiltaksområdet ved Nøstet markert med stipla svart line innafor raud sirkel. Kjelde: Multiconsult

Statsforvaltaren gav 28. februar 2024 løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø utanfor bgr. 165, bnr. 574 m fl på Nøstet i Bergen kommune. Løyvet er gjeven til Nøstet Sjøfront AS of Nøstegaten 72 - 74 AS.

Publisert 28.02.2024

Informasjon

Utfyllinga er estimert til 8 000 m3 massar over 2 000 m2 sjøbotn for å etablere 2 500 m2 nytt landareal. Formålet er å transformere eksisterande kontor- og næringsbygg i Nøstegaten til eit nytt bomiljø i samsvar med gjeldande reguleringsplan. 

Søknad og løyve med vilkår ligg til høgre på denne sida.

Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan fire veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2023/16010.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.