Kunngjering endra løyve anleggsarbeid i sjø - Ospeviki i Samnanger for Aker BP
Statsforvaltaren endra 5. september 2024 løyvet til Aker BP for anleggsarbeid i sjø knytt til landfall Ospeviki i Samnanger kommune. Formålet med prosjektet er å forsyne Yggdrasil-området med straum frå Statnetts transformatorstasjon i Børdalen i Samnanger
Publisert 05.09.2024
Informasjon
Endra løyve med vilkår ligg til høgre på denne sida.
Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan tre veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2023/3134.
Kontaktpersoner
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35