Kunngjering endra løyve anleggsarbeid i sjø - Ospeviki i Samnanger for Aker BP
Statsforvaltaren endra 22. mars 2024 løyvet til Aker BP for anleggsarbeid i sjø knytt til landfall Ospeviki i Samnanger kommune. Formålet med prosjektet er å forsyne Yggdrasil-området med straum frå Statnetts transformatorstasjon i Børdalen i Samnanger
Publisert 22.03.2024
Informasjon
Søknad om endring og løyve med vilkår ligg til høgre på denne sida.
Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan fire veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2023/3134.
Kontaktpersoner
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35