Kunngjering av løyve til utslepp av reinsa tunnelvatn og avrenning frå massedeponi - Fardalen Kraftverk AS - Årdal kommune
Statsforvaltaren gav 20. september 2024 Fardalen Kraftverk AS løyve til utslepp av reinsa tunnelvatn og avrenning frå massedeponi til Fardalselvi i Årdal kommune. Formålet er å byggje nye tunnelar til kraftverket i Fardalen.
Publisert 20.09.2024
Søknad om løyve og løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2024/9236.