Kunngjering av løyve til utslepp av anleggsvatn - Illvatn pumpekraftverk i Luster kommune

Statsforvaltaren gav den 20. mars 2025 Hydro EnergiAS løyve etter forureiningslova til utslepp av anleggsvatn frå bygging av Illvatn pumpekraftverk i Luster kommune.
Prosjektet omfattar bygging av nytt kraftverk (plassert i fjell på austsida av Fivlemyrmagasinet) som vil nytte energipotensialet mellom dei to magasina Illvatn og Fivlemyrane, ved å bygge ny vannvei i tunnel mellom dei to magasina. Det vert etablert eit tverrslag i Nørdstedalen for transport av overskuddsmassar til deponi.
Informasjon
Løyve med vilkår ligg til høgre på denne sida.
Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan fire veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2025/1785.
Kontaktpersoner
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35